Vart verdsmeister

VM, som vart arrangert i Poznan i Polen, gjekk over tre dagar, og dei første […]

VM, som vart arrangert i Poznan i Polen, gjekk over tre dagar, og dei første ekvipasjane var i elden alt fredag. Kjellaug Selsaas og Loppa måtte vente til søndag morgon før dei slapp til, men gjekk då rett i tet med 288,67 poeng. Deretter var det fleire timar med venting før VM-tittelen var klar i tre-tida søndag ettermiddag.
Ekvipasjen vann også EM-tittelen i fjor, og forventningane var på plass før VM.
— I og med at dei vann EM i fjor var det nok visse forventningar, og det vart lenge å venta før sjampanjekorkane gjekk i taket, fortel Harald Selsaas som snakka med Kjellaug rett etter at sigeren var sikra.
Også Synnøve Matre og Golden Retrieveren Copper frå Ølen, Etne og Vindafjord Hundeklubb, representerte Noreg i meisterskapen som er ein del av verdsutstillinga. Dei vart nr. 8 til slutt med 268 poeng.
— På verdsutstillinga var det over 20.000 hundar med. I meisterskapen trur eg det var mellom 70 og 80 som deltok. Det er berre dei beste i eliteklassane frå kvar nasjon som få delta, fortel Harald Selsaas.