Vårt viktigaste vegsamband

Det er ikkje mange, verken av fotfolk, politikarar eller fagfolk som forstår bakgrunnen for å […]

Det er ikkje mange, verken av fotfolk, politikarar eller fagfolk som forstår bakgrunnen for å stengja Haukelitunnelane for tyngre køyrety av denne klassen. I alle fall ikkje kvifor det hadde slik bråhast.

Dei same køyretya må nemleg med jamne mellomrom køyra innom vegstasjonar for kontroll, på vår side av Haukeli på Seljestad, for å få godkjenning til å køyra vidare. Her blir dei målte og kontrollerte på vekta. Kvifor den same kontrollen ikkje har brukt målebandet for å finna ut kor høge bilane er, er ikkje godt å seia. Grensa for høgda på køyretya er nemleg ikkje ny.
Men etter at både politikarar, yrkesbilbransjen og næringslivet generelt, har protestert på stenginga, har vegstyresmaktene vist vilje til å lempa litt på krava. Det siste er å sleppa tungtransporten med høgde over fire meter gjennom tunnelane på nattetid. Eit forslag som sjølvsagt er betre enn å køyra rundt «halve Vestlandet» for å kunna transportera mellom aust og vest.

Men ein litt uvanleg konstellasjon på Stortinget mellom Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Framstegspartiet, slår seg ikkje til tåls med det. I eit felles forslag legg dei i dag fram eit såkalla Dokument 8 forslag med solid støtte til tungtransportørar og næringsliv som slit med høge bilar og ditto låge tunnelar.
Magnhild Meltveit Kleppa frå Senterpartiet understrekar til Grannar at E134 over Haukeli er det viktigaste hovudvegsambandet frå Vestlandet mot Austlandet og meiner at avgrensingar i bruken av vegsambandet over Haukeli vil få store og negative konsekvensar.
Dei tre partia bak forslaget ber regjeringa straks setja i verka tiltak som sikrar tryggleiken på E134 mellom Aust- og Vestlandet og at vegen blir halden open for tungtransport med høgde opp til 4.20 meter.
Me helsar forlaget frå den litt uvanlege koalisjonen velkomme.