Våt og kald julestart

— Grillmat er godt uansett vêr og det er synd det ikkje kom fleire, meiner […]

— Grillmat er godt uansett vêr og det er synd det ikkje kom fleire, meiner Hilde og Hanna Bjerkreim.
Dei to var blant dei få som møtte fram til grillinga. Trass super grillmat og ein knakande god heimelaga potetsalat, var det få som kom og kjøpte seg mat frå grillen i sentrum.

Eventyrstund
På hotellbakken var det lavvo, der kunne alle komme inn å få kakao med krem og peparkaker medan Siri Eikemo trollbatt både store og små med forteljarkunst. Utanfor hadde ein høve til å få seg ein tur på hesteryggen til den nissekledde hesten Hilde, og her var det mange som ville prøve seg. Den flotte fjordingen gjekk utan stans rundar med små og litt større born. Sjølv om regnet auste ned stod borna i kø for å få seg ein tur på Hilde.
Fem frivillige speidarjenter var med og hjelpte til i og rundt lavvoen. Og dei samla borna som venta på tur til riding, eller plass inne til songleikar og anna moro.
Medan borna var i nisseleiren, var det høve til å kjøpe graut inne på Blonder og Blues, og kafeen var full heile tida og folk måtte stå i kø for å få plass i dei nyoppussa lokala på hotellet.

Julegran og paraply
Som ei avslutning på dagen var det julegrantenning på kaien. Med korpsmusikk og allsong vart dette ei fin avrunding på eit vellykka arrangement. Heller ikkje her hadde regnet skremt folk til å halde seg heime. Med paraplyar og regnklede vart det nokså fargerikt rundt treet, og med Gudbjørg Christophersen som forsongar, song born og vaksne kjente og kjære julesongar medan dei gjekk rundt treet.
Som seg hør og bør under ei julegrantenning kom nissen på vitjing med kakemenn til dei aller minste, og som eit siste innslag spela musikklaget den adventsongen «Tenn lys».