Det er ganske uvanleg med vassmangel på denne tida av året. Men no har fleire bønder lite å gå på, og mange må frakte vatn til garden for ikkje å gå direkte tom for det livsnødvendige vatnet. Johannes Hundseid har litt vatn å gå på enno, men han og fleire andre bønder på Sørheim har lang erfaring med vassmangel etter litt tørke.
Dei har kjelda på nedsida av moreneplatået, og tilsig og tørke slår ut lenge etterpå fordi vatnet har eit tjukt lag å passere.
Mangelvare for mange
— Det er eit årleg problem for oss om sommaren. Vatn har vore tema i 30 år, og no er det på tide at kommunen engasjerer seg i denne saka. Det er ikkje framtidsretta at så mange har for dårleg vatn både når det gjeld kvalitet og mengde, seier Hundseid.
Store delar av Stødle, Sørheim og Austrheim slit med vatnet i tørkeperiodar. Det er også situasjonen for mange i området Rygg og Grindheim på den andre sida av Etneelva.
Dei fleste har samarbeid med ein eller fleire naboar om vasstilgang som baserer seg på oppkomme og boring. Mangelvaren er eit større og sikrare vassverk som kan gi stabil tilgang på nok vatn.
— I følgje ekspertane skal det bli meir ekstremvêr. Både tørke og flaumvêr er ei utfordring når det gjeld tilgang på vatn og kvaliteten på det.
Ikkje framtidsretta
— Vi kan sjå til nabokommunar der dei har klart å byggje opp vassverk. Det burde ikkje vere vanskelegare for oss i Etne. Vi klarer oss kanskje i dag, men ein legg ikkje til rette for framtidige generasjonar som skal drive næring i Etne, seier Hundseid.
Det er berre sentrum og byggjefelt rundt Etnesjøen som er knytte til eit større vassverk. Oppover i bygdene er det berre mindre private løysingar.
Eitt av problema for Hundseid og fem andre bønder på Sørheim er å ha nok vatn når dei skal spreie møkk. Hundseid har ei myr han hentar vatn i. Her går også kjøtfeet hans og har tilgang på drikkevatn.
Surt vatn
Det har vore fleire initiativ overfor kommunen om temaet vatn, men lite har skjedd.
Men lite vatn er ikkje den einaste utfordringa i morenebygda Etne. Vatnet er også surt og tærer på vassrøyr. Det gir vasslekkasje i grunnen, men fleire har også fått overraskingar inne i hus.
Hundseid meiner også den generelle kvaliteten på vatn kan bli betre dersom det blir ei felles utbygging som inkluderer store delar av bygda der ein hentar vatn frå eit større vassreservoar.
Redde for prisen
Hundseid er langt frå aleine om å hevde at utbygging av vassverk er eit viktig tema. Men det er også mange som er skeptiske fordi dei er redde for at det skal bli dyrare enn i dag når vassavgifta kjem. Det er også forskjell på kor god tilgangen på vatnet er i dette området.
— Dette er ikkje noko ein treng trumfe gjennom uansett kostnad. Men ein bør gjere ei skikkeleg evaluering kva utbygging vil koste og deretter bestemme seg for om dette er rette vegen å gå. Det går ein god del pengar i private brønnar i dag. Her må ein vurdere ting opp mot kvarandre, seier han.
Han meiner kommunen må avklare situasjonen og gi eit signal om det er felles løysingar som skal bli framtida.