Her på Sørheimsmoen fekk vatnet andre vegar å koma seg ut og ned til elvo. Her har skjedd store forandringar. Sanddrift gjorde at dei naturlege speiding over større område der vatnet naturleg tok seg fram før, nå er endra drastisk.
Avbasing av jorda for å koma ned til sanden, er lagt opp i høge jordvollar. Vatnet blir leia saman til bekkjer. Samla renn det ned bratte bråt i stor fart, det har grove ut og gjort skade.
Stein og sand som vart grave ut la seg like nær vassforsyningsanlegget til Sørheims-gardane og bustadar.
Det er eit veldig viktig grunnvasskjelda, forsyner fire stk driftsbygningar fulle av dyr, samt seks bustadheimar.
Utras av grus og stein la seg tett inntil anlegget. Kunne godt hendt at sjølve anlegget hadde blitt overfylt med stein og grus. Dette er kraftig advarsel, og eit ansvar som påkviler sanddrifta.
Som kjent var det storregn og flaum kring den 14. november i år.
Her på Sørheimsmoen fekk vatnet andre vegar under avrenna mot elva.
Årsaken er den radikale endringa på overflata, den naturlege avrenninga som var før, er totalt endra.
Under avreinsking av mold og liknande før sanddrifta tok til, vart det lagt store jordvollar som styrer vatnet i nye vegar og samlar seg i bekkjer.
Heile området som no er sandtak, er omgitt av fleire meter høge rinder av masse tilkjørt.
Alt dette er summen av årsaken til skadane som skjedde då bekkjer samla rann ned bratte bråt, tok med seg store mengder stein, grus, grov ut skogsvegen, la seg inntil vassforsyningsanlegget for Sørheims-folket.
Bastian B. Sørheim