5. divisjon
Vats 94-Ferkingstad 2-1 (1-0)
Vats stadion, Vatne
1-0 (45. min.) Morten Frøland
2-0 (73. min.) Magne Sandvik
2-1 (79. min.)
Om lag 40 tilskodarar
Vatsspelarane briljerte med fint pasningsspel og raske overgangar på den harde banen. Det såg derimot ut som at nokre av bortelaget sine spelarar ikkje alltid ytte maksimalt. Dette resulterte i støtt meir frustrerte tilrop frå Ferkingstadkeeperen. Først dei ti siste minutta av kampen, etter reduseringa, heva karmøylaget seg nokre hakk.
Vats 94 starta kvast, og allereie etter fire minutt var Kjetil Ohm nær ved å heada ballen i mål frå tre meters hald.
Morten Aursland var ein av banens beste spelarar, og han la mange presise pasningar fram til Kjetil Ohm og dei andre spissane. Magne Sandvik var, som Aursland, på plass der på banen der han trongst mest til ei kvar tid.
Ferkingstad hadde i ein periode i første omgang mange frispark på midtbanen, men det var ikkje noko sting og vilje i angrepsspelet deira.
Perlemål
1-0-scoringa kom på det Bjørge Lillelien kalte eit psykologisk tidspunkt; rett før fløyta gjekk for pause. Denne scoringa var dessutan som teken rett ut av læreboka, som det heiter på sportssjargong. Kjetil Ohm forserte raskt til dødlinja på venstre side, og la eit presist innlegg på tvers bakover og forbi keeperen. Ved stolperota på høgresida dukka Morten Frøland opp, og dunka ballen i mål.
Etter kvilen kom Ferkingstad gradvis meir med i kampen. Vatskeeperen leverte ei perleredning, og litt seinare var det endå nærare ei utlikning. Etter klabb og babb og inne i femmeteren greidde ein vatsspelar å redda på streken.
Heimelaget kom tilbake og pressa på for 2-0. Magne Sandvik hadde fleire fine forseringar og innlegg framføre mål som det ikkje blei noko meir av. Kvarteret før slutt fekk han og Vats omsider utteljing, og det stod 2-0. Endå eit fint mål
Ferkingstad reduserte til 1-2 like etterpå, og då var det som om karmøybuane la inn eit ekstra gir. Dei siste minutta og på overtid jaga dei på for å få utlikning, utan hell. Vatsspelarane var både glade og letta då dei høyrde sluttsignalet let, men alt i alt var det ein fortent siger.