— Her likar me oss! Dette er ein super stad for familiar. Ungane har det minst like kjekt som oss vaksne. Arrangørane har verkeleg treft spikaren på hovudet. Det er mykje meir å sjå og oppleve enn det eg forventa, og informasjonen til besøkjande er svært god. Det er tydeleg at det ligg mykje god planlegging bak, sa Andre Strand frå Haugesund.
Tilbakemeldingar som dette, var det som gjekk igjen då Grannar lufta for publikum kva dei syntest om messa.
Populære foredrag
Av dei ulike tilboda som fann stad i temagarasjen var det særskilt foredraga til John S. Opdahl om lokking og fangst som var populære. Den ordkunnige trøndaren hadde tilhøyrarane i si hule hand. Han lokka ikkje berre fram dyrelydar, men og smil og latter. Barbara Zimmermann som fortalde om GPS–merking av hjort i distriktet fekk og mange tilhøyrarar, og dei nye opplysningane forskingsgruppa hennar har kome fram til, vart mykje omtala på standen til hjorteviltutvalet etterpå.
Eit Mekka for ungar
Å reise på ei messe med born, kan til tider fortona seg som eit mareritt, med mykje keisemd og mas. I Skånevik derimot, var det dei vaksne som måtte mase på borna om å reise heim att. Tilboda for den yngre garden var mange og varierte.
— Du, mamma! Den fisken e svolten altså, sa Isak Øvsthus Jordal (4) frå Odda, då han kom over eit akvarium fullt av fisk.
Systera Vilde Øvsthus Jordal (7) syntes det var veldig kjekt på villmarksmesse i Skånevik.
— Det er mykje å finne på her. Det var ekstra tøft å sjå alle firhjulingane som stod ute, sa ho, og fekk brei støtte av familien.
Nokre av tilboda som var retta mot born var blant anna spikring av fuglekasse, perlegraving i sand, pil og boge skyting og kasting med fiskestang.
Herr og fru Villmark
Arrangørane hadde fått inn fleire gode kandidatar til dei gjæve titlane herr og fru Villmark. Det var likevel ein enkel jobb å plukke ut vinnarane. Fru Villmark 2005 vart Marit Åsheim frå Skånevik, og herr Villmark vart Lars E. Lundal frå Markhus. Begge desse er fjell og naturpersonar på sin hals, og er absolutt verdige vinnarar.
I premie fekk dei kvar sin termos med innskrifta herr og fru Villmark 2005 på.
Full fres frå morgon til kveld
Då Grannar gjekk i trykken søndag, var ikkje besøkstala frå søndagen klare, men Turid Straumsøy i arrangementskomiteen var strålande nøgd med laurdagstala.
— Laurdag var det omlag 900 personar innom messa, det er betre enn i fjor, og då er jo me nøgde veit du, sa ho.
At publikum òg var nøgde fins det ingen tvil om. Mange nemnde at Jakt, fiske og turdagane var betre i år enn i fjor, og at standane var veldig fine og oversiktlege. Det er berre å bøye seg i støvet for arrangørane, og håpe på at dei gjentar suksessen neste år.