Me var fire mann som arbeidde i skogen heile vinteren. Tre mann med hestar køyrde veden fram til staden der den skulle verkas opp. Den vart stabla opp i lad, for seinare på våren å bli kasta på elva.
Å fløyta ved i den elva hadde visst aldri vore prøvd før, så me var veldig spente på korleis det ville gå. Ein dag ut på vårparten kom det mykje regn, så det vart stor vannføring i elva, så då måtte me prøva. Veden stod lageleg til, så det var berre å skubba den uti. Det såg ut til å gå svært bra, men etter kvart som elva minka inn og det slutta å regna, hopa veden seg opp i store haugar og vart liggjande nedetter heile elva, så me fekk eit svært arbeid med å få veden laus. Det verste av alt var at demninga sank, så det var ein del ved som for på sjøen. Det var nokon som fekk seg gratis ved, men mesteparten fekk me berga. Det var ein mann frå Haugesund som hadde kjøpt veden, og den skulle leverast til tyskarane. Eg trur eg aldri har vore så trøytt som eg var etter den dagen med vedfløyting i Valdraelva.
Me kunne heller ikkje vera redd for å bli å bli våte på føtene, for etter kvart som veden vart hengjande fast under steinar og andre ting, så måtte me uti elva og få veden laus. Det som me trudde skulle verta ein lettvint transport, viste seg å ikkje vera tilfelle, og vert vel ikkje prøvd fleire gonger.
Ingvald Åsheim