Vedrørande SVs retrett

Redaktøren skriv m.a.: «Den raudgrøne regjeringa gjekk til val i 2005 på at dei skulle […]

Redaktøren skriv m.a.: «Den raudgrøne regjeringa gjekk til val i 2005 på at dei skulle trekkje ut dei norske soldatane frå Afghanistan. Det skjedde aldri». Det har, ut frå Soria Moria-erklæringa, ikkje vore på tale. Det var frå Irak dei norske styrkane skulle trekkjast ut. Det skjedde også ganske raskt etter regjeringsskiftet.
Eg vil nemna nokre sitat frå Soria Moria, kapittel 2: Internasjonal politikk: «Norge skal være en tydelig fredsnasjon. Regjeringen vil styrke Norges bidrag til å forebygge, dempe og å løse konflikter». «Det er i norsk interesse at vi har en FN-ledet verdensorden. Derfor vil Regjeringen arbeide for å styrke FN og internasjonal rett».
Under «Fred, forsoning og nedrustning, og et styrket FN», står det: «Regjeringen vil styrke norsk innsats for konfliktforebygging og konfliktløsning», vidare står det òg kor viktig det er at FN har styringa og at vi ikkje har ein situasjon der nasjonar tar seg til rette på eiga hand. (USA i Irak). Soria Moria seier òg: «Regjeringen vil øke deltakelsen sivilt og militært i FN-operasjoner».
Det står mykje nyttig i denne erklæringa og det er her ein kan lesa seg til at den norske deltakinga er heilt etter det felles programmet dei der kom fram til. Det gjeld i dette tilfellet deltaking i ISAF-styrken (International Security Assistance Force) som blei oppretta 6. desember 2001. ISAF eksisterer for å hjelpa det afghanske folk, ikkje for å styra dei. I ISAF deltek det i dag 37 nasjonar med i overkant av 32.000 soldatar. ISAF-styrken er FN-leia og ikkje USA-styrt som leiaren nemner. ISAF er i dag under Nato-kommando.
Eg håpar det eg har skrive her kan korrigera noko av redaktøren si harselering av den raudgrøne regjeringa og SV spesielt. Alt som til nå har gått føre seg i norske «krigssaker» er heilt i tråd med innhaldet i Soria Moria, og det var dette me gjekk til val på.

Martin Dyrseth