Veg og sikkerhet gjennom Etne sentrum

Ser oppslag i Grannar nå like før jul, der Elisa Bjørk Jakobsdottir og Monica Klippenberg […]

Ser oppslag i Grannar nå like før jul, der Elisa Bjørk Jakobsdottir og Monica Klippenberg ynskjer sterkare sikkerhetstiltak gjennom Etne Sentrum. Dei har stått på, og gjort ein god jobb. Ordføraren ynskjer også, slik lensmann Niljann Hustoft uttalar, å få til rundkøyringar i sentrum.
Som brukar av vegen både i Etne, og over heile Haugalandet, så ser eg for meg endå sterkare tiltak. Heilt sidan eg gjekk på ungdomsskulen for 30 år sidan har det vore prata om at Europavegen skulle leggjast utanom sentrum i Etne. Det er det einaste tiltaket som kan skjerma dei mjuke trafikantane mot gjennomgangstrafikken.
Etne sentrum er bygd opp rundt Europavegen, og omtrent alle mjuke trafikantar må kryssa vegen både til skule, til fritidsaktivitetar, til jobb og på handel. Å laga ei skikkeleg rundkøyring midt i sentrum er det ikkje plass til. Den vil stela mykje areal, både mot Prix og mot Elektrosenteret. Dei mjuke trafikantane må framleis kryssa vegen, og me veit jo at både vogntog og andre langvegsfarande vil passera sentrum akkurat som i dag.
Gangbruer over vegbana vil vera sikrare enn rundkøyringar, og mogeleg litt billigare. Men dette er jo ikkje noko direkte vakkert syn i sentrumsbiletet.
Slik eg ser det så vil beste løysinga vera å jobba med ny veg utanom sentrum. Kan gå inn med tunnel etter Engelsgjerd, for så å følgja skogslia ovanfor Gjerdsgardane, og ny tunnel som kjem ut på Gravelsæter. Fordi denne parsellen gjer det sikrare for mjuke trafikantar i Etne sentrum, så er den viktigare enn både Saudatunnelen, Stordalstunnelen og Skåneviks-tunnelen. Mi meining er at dette må jobbast vidare med før eventuelle millionar til rundkøyringar i sentrum vert nytta.

Olav Samland