Vegstrid gir byggjeforbod for tredjepart

Årsaka er at tidlegare Ølen kommune aldri har hatt full vegrett til industriområdet og er […]

Årsaka er at tidlegare Ølen kommune aldri har hatt full vegrett til industriområdet og er i langvarig vegstrid med ein familie som eig delar av vegen. Midt inne i den kommunale vegen er det 55 meter i privat eige som er blitt brukt ulovleg i snart 20 år. Så lenge kommunen ikkje klarer å skaffe vegrett, har heller ikkje bedrifter lovleg tilgang til industriområdet.
Vegen er blitt brukt i alle år, men no skaper vegstriden problem for Primærtjenesten AS som ønskjer å kjøpe meir areal og utvide med ein lagerhall.
Haken er at eigar Svein Kristiansen ikkje får utvide så lenge striden verserer.

Byggjestopp for industri
Det er to år sidan Svein Kristiansen i Primærtjenesten på Bjoa kontakta kommunen med ønske om å kjøpe to mål i tilknyting til industriområdet for å reise eit lagerbygg.
— Eg visste om problemet då eg kjøpte den første delen av industribygningen i 2001. Men det var ein klar føresetnad at kommunen skulle få full vegrett til industriområdet dei hadde lagt ut. Det er ein strid eg verken er part i eller vil blande meg bort i. Men det er alvorleg for oss at vi i realiteten har byggjeforbod på eit industriområde der det er ledig areal, seier Svein Kristiansen.
Han synst det er ein underleg situasjon at ei bedrift i utvikling skal møte slike problem.

Venta lenge nok
Sonen Terje Kristiansen, som har tatt over jobben som dagleg leiar, meiner dei har venta lenge nok på å få utvide. I neste omgang kan det bety fleire arbeidsplassar i bedrifta som har fem årsverk. Bedrifta satsar på armeringsprodukt til betongindustrien, men har fleire andre bein å stå på.
— Vi har venta lenge nok og det er på tide at kommunen finn ei løysing. Vi treng større plass for å utvide produksjonskapasiteten. Dessutan er det heller ikkje gunstig for HMS å ha det for trongt heller. Vi må også lagre varer utandørs som vi helst vil skal stå inne, seier Terje Kristiansen.
Ingen av dei forstår kva problemet botnar i når konflikten har vore kjent og har versert i så mange år. Dei meiner kommunen uansett må få orden på vegretten.

Feide om hytte og veg
Kommunen har i over ti år vore klar over at midtpartiet i vegstubben frå ferjevegen (riksveg) og ned til industriområdet har vore i privat eige. Industribygningen vart reist midt på 1980-talet og vart seinare kjøpt av private.
Men i løpet av alle desse åra har ikkje kommunen rydda opp og skaffa full vegrett for industriområdet. Historikken fortel at kommunen for over eit halvt hundreår sidan kjøpte seg vegrett i området, men oppdaga ikkje at det var to grunneiegarar med det same etternamnet.
I dei seinare åra har tidlegare Ølen kommune gått meir aktivt ut for å få til ein frivillig avtale med sju søsken Haraldsen som eig grunnen og hytter i området.
I det siste har forhandlingane låst seg fordi den same familien i fjor måtte fjerne to brakker som vart plasserte som hytter i området for over ti år sidan. Det var ei klagesak som verserte i mange år.
Også skogeigarlaget brukar vegen for å kome til tømmerkaien, og det var tidlegare ganske ampert der store steinar vart flytta frå vegbanen og til hyttedøra.

Kallar inn til møte
I følgje Håkon Hustveit i Ølen kommune var det for ein god del år sidan eit vedtak om ekspropriasjon, men det kokte vekk i kålen fordi advokaten gløymde å ta saka med i samband med ei anna sak som skulle opp.
Han opplyser også at kommunen har gitt tilbod om å kjøpe ut vegrett og utvide vegen vekk frå hyttene til familien.
Hustveit opplyser også at det med det første blir tatt eit nytt initiativ til møte mellom kommunen og grunneigarane av vegstubben. Han opplyser at målet har vore å få til ein frivillig avtale.