Vegstriden er avgjort

Det vil skje i 2007 dersom alt går etter planen. Spørsmålet om trafikksituasjonen gjennom Skjold […]

Det vil skje i 2007 dersom alt går etter planen. Spørsmålet om trafikksituasjonen gjennom Skjold har versert i mange år. Skuleungar og andre mjuke trafikantar har konkurrert om plass på den sterkt trafikkerte stamvegen mellom aust og vest der det dundrar trailerar forbi nesten i eitt sett.
Det resulterte i første omgang at farten vart sett ned til 40 kilometer i timen, som ein av dei få strekningane på E134 mellom Drammen og Haugesund.

På nordsida
Men no er reguleringsplanen for gang- og sykkelstig endeleg vedtatt, og Statens vegvesen tar over for å fullføre prosjektet. Heilt til det siste kom det motforslag som kunne ha utsett gang- og sykkelstigen ytterlegare.
Den vedtatte traseen går på nordsida av E134, og startar opp forbi svingen ved Nonslid Bilservice i retning Vats. Den rundt 900 meter lange gangvegen går forbi bensinstasjonen og vidare inn i 40-sona og fram til gangfeltet til Vikaneset der den møter gangvegen frå kyrkja.

Rive eitt hus
Det medfører at eitt hus må rivast for å gi plass til gangvegen. Det er det raude huset kloss i vegen før bakketoppen rundt hundre meter frå bensinstasjonen. Tidlegare var det snakk om at sveitsarhuset i svingen opp forbi bensinstasjonen ville lide same skjebne. Men i den endelege traseen er ikkje det nødvendig.
Ekteparet Hildur Karin og Martin Ørke eig huset som må rivast, og dei har gitt signal om at dei ikkje vil setje seg mot det så lenge dei får ei erstatning som gjer at dei kan skaffe seg eit nytt hus.
— Vi reknar med å kome i gang i 2007. Eg er orientert om at planen er godkjent i kommunen, og då er grunnkjøpet det første vi må få orden på, seier senioringeniør Magnus Fredheim i Statens vegvesen Haugesund.
Han har ingen startdato for prosjektet sidan det vil avhenge av kor fort grunnkjøpet går i orden. Sjølve arbeidet med gangvegen vil ta eit par månader.
Gangvegen har vore på tapetet i mange år, men har stått i stampe på grunn av grunnkjøp. Men med ein godkjent reguleringsplan på bordet, er føringane meir avklara enn tidlegare.
Prislappen for gangvegen er rundt to millionar kroner, og i tillegg skal vegvesenet kjøpe grunn og løyse ut huset som må rivast.