Kritisk til opningstider

— Alt me treng er at biblioteket kunne vore ope ein kveld til i veka. […]

— Alt me treng er at biblioteket kunne vore ope ein kveld til i veka. No kan ikkje lenger foreldre låna bøker i lag med ungane. Dei rekk det rett og slett ikkje, seier Jostein Apeland.
Han er nøgd med utvalet av bøker og tykkjer at bibliotekarane som jobbar i Sandeid bibliotek, er flinke og hjelpsame. Men han mislikar sterkt at etter kommunesamanslåinga vart opningstidene i biblioteket sterkt reduserte – frå to til ein kveld i veka.
— I staden for at bøkene skal ut til folket, møter mange eg snakka med, stort sett stengde dører, og purregebyret er snart den einaste helsinga dei får frå biblioteket, seier Apeland.
Politisk spørsmål
I dag har Vindafjord folkebibliotek hovudavdeling i Ølen med filial i Sandeid. Hovudbiblioteket i Ølen er ope tre dagar i veka, i tillegg til fire timar kvar laurdag. Filialen i Sandeid er ope tre dagar i veka, ein dag på kveldstid. Dersom filialen i Sandeid skal vera open fleire kveldar i veka, må dei økonomiske resursane verta auka, meiner bibliotekleiar Any Tordis Heggebø.
— Med dei midlane Vindafjord folkebibliotek disponerer i dag, kan me ikkje utvida opningstidene i Sandeid. Dette er eit politisk spørsmål. Dersom politikarane vil løyva pengar til dette, kan me sjølvsagt utvida opningstidene om kvelden, seier bibliotekleiaren.
— Kva med å omstokka dei allereie eksisterande opningstidene i Sandeid og bytta ein dag mot ein kveld, slik at filialbiblioteket kunne vore ope to kveldar og ein formiddag i veka?
— Då mister skuleelevane og barnehagen, som også er ei veldig viktig målgruppe for oss, høve til å levera/henta bøkene. Dessutan er det vanskeleg for personellet å jobba fleire kveldar enn dei gjer no, forklarer Any Tordis Heggebø.
— Men som sagt, er det eit politisk og ikkje administrativt spørsmål. Får me meir midlar, kan me utvida tilbodet i Sandeid, legg ho til.
Jostein Apeland synest derimot at situasjonen kan verta løyst på administrativt nivå.
Kan ordna sjølve
— Det er ikkje snakk om å auka rammene for biblioteket. Hovudpoenget er at ein byter litt på dei opningstidene ein har. Dette er eit enkelt administrativt grep som eg trudde bibliotekaren kan styra. Eg er sikker på at talet på utlån har gått ned i Sandeid etter at den eine kvelden har vorte teken vekk. Dette trass i at dei nyleg opna ei flott ungdomsavdeling, og skulle forventa ein god utlånsauke. Desse ungdommane er på skule og rekk ikkje dei opningstidene som er no. Skal bibliotekleiaren få opp utlånsstatistikken i filialen, må ho endra på strategien, og endring av opningstidene kan utførast administrativt, meiner Jostein Apeland.
Meir tilgjengeleg
Ifølgje han, kan skuleelevane klara seg fint med ein hentings- og leveringsdag i veka i skuletida.
— Ser ein bort frå laurdagen har Ølen ikkje ope på føremiddagen, berre kveldstid. For Ølen skule måtte jo også vera gunstig med ei betre opningstid i skuletida, seier Jostein Apeland.
— Biblioteket skal vera tilgjengeleg også for skuleelevane i dei and grøfta ved muren, fortel ei bekymra småbarnsmor, Beth Kristin Søvold.
Ho har budd her i åtte år og føler seg utrygg når ho skal forbi muren.
— Eg står til eg ikkje høyrer bilar, og så spring eg, seier Søvold som har to barn på under tre år.

Kraftig trafikkauke
Margrethe Askeland har vaksne barn og då dei gjekk på Skjold skule, fekk dei gratis skuleskyss på grunn av den farlege vegen, sjølv om dei var innafor fire kilometersregelen.
— Me trudde dei laga gangveg slik at ungane kan gå til skulen, og så stoppar dei 100 meter før dei kjem til dei som skal gå på skulen, seier familiane.
— Trafikken her har auka kraftig, meiner Hystad som har skulejente til neste år.
— Det er ikkje aktuelt at ho får gå til skulen så lenge me ikkje har lengre gangveg, seier mora.
Forutan skuleungane vil sjølvsagt alle som bur her nytte gangvegen. Familiane bur i kort avstand til det meste i bygda og vil og gjerne bruke føtene, men tryggleiken kjem først.
— Me synst det er flott at me får utvide gang- og sykkelvegen i Skjold, men me får jo ikkje glede av han, seier Askeland.

Pengesekken bestemmer
Hystad har sendt to brev til vegvesenet med kopi til ordførar og rådmann. Første brevet blei sendt 18. januar i år der ho oppmoda vegvesenet om å forlenge gang- og sykkelvegen med 100 meter for å få større utnytting. Svar på tiltale blei at eit alternativ var utviding i samband med vegomlegginga av E134 Haugalandspakken frå tidlegast 2010.
29. mai sendte Hystad nytt brev der ho forklarte nærmare kor farleg det er å ferdast dei siste 100 meterane.
— Dei skulle sjå då dei var ferdige om det blei billigare enn planlagt, fortel Hystad om innhaldet i tilbakemeldinga ho fekk frå vegvesenet i førre veke. Ordførar Arne Bergsvåg har vore i kontakt med konstituert distriktsvegsjef Petter M. Sivertsen.
— Saka har blitt tatt opp med vegvesenet i eige møte og me argumenterer for at gang- og sykkelstien bør fortsette, utan at me har fått konkrete tilbakemeldingar, seier ordføraren.

Kamp om midlar
— Me må sjå i forhold til kostnader. Blir det billigare kan me gjere noko, seier distriktsvegsjefen.
— Kor reelt er det at det blir billigare?
— Det skjer, men i desse tider er det sjeldnare, seier han.
Forskotering i forhold til Haugalandspakken er heller ikkje aktuelt for gangvegen, då denne ligg i vegomlegginga. Prosjektleiar for gang- og sykkelvegen Knut Utaaker viser òg til pengesekken, men har sjekka litt opp i tilhøva.
— Viss det viser seg å vere mykje pengar igjen kan det bli aktuelt, men arbeidet er ikkje avslutta ennå og me har ikkje fått sluttfaktura. Eg har sjekka opp og veit det finst litt pengar, men eg veit ikkje om det er nok, seier prosjektleiaren og legg til at det er eit kostbart prosjekt då strekninga det gjeld har ein natursteinmur som må takast vekk og murast opp att. Viss det finst pengar nok kan arbeidet takast opp igjen allereie i år, men viss sekken er tom kan det bli ein lang prosess.
— Trafikksikringsmidlar er det alltid ein kamp om. Med gangvegar er det alltid meir behov enn midlar.
Kvifor sluttar gangvegen akkurat der?
— Kommunen har vedtatt reguleringsplanen. Vegvesenet si rolle i planlegginga veit eg ingenting om, seier prosjektleiaren.