Vegvisar i matfylket

Matguide – En veiviser til gode matopplevelser i Rogaland, er ingen restaurantguide i tradisjonell forstand. […]

Matguide – En veiviser til gode matopplevelser i Rogaland, er ingen restaurantguide i tradisjonell forstand. Forfattarane har vore på jakt etter spisestader med spesielle opplevingar, overnattingsstader som også satsar på mat for farande folk og turistar, gjestegardar med matopplevingar, og matutsal som tar vare på matkulturen. Pluss litt generelt om andre matopplevingar og tradisjonar i Rogaland.
Redaktøren av boka er journalist Borghild Fiskå, og matstadene er tidlegare presenterte i ein fast matguide i Pluss-magasinet til Stavanger Aftenblad. Guiden er utgitt i samarbeid med Wigestrand Forlag. Dei samarbeidde også om boka om Rogaland som kom i fjor.

Frå sør til nord
Guiden er ein invitasjon til å teste det lokale matfatet, og er absolutt ei tipsbok for utflukter i Rogaland. Til stader der opplevinga er meir enn maten. For å halde orden på geografien, er boka delt inn i sørfylket, midtfylket og nordfylket. Med 83 stoppestader i streiftoget. Det er også også lagt inn i eit kart som gir lettvint oversikt.
Etne, Ølen og Vindafjord er representerte med fleire innslag i nordfylket. Av spesielle spisestader er Fugl Fønix Hotel, Kjerringgarden, Åkrafjordtunet og Ølen Gjestegård med. Det blir ikkje gitt terningkast eller vurderingar av tilbodet. Det er heller ein kort presentasjon, og så er det opp til dei besøkande å felle dommen.
Eide gard i Ølen er med under gjestegardar med spesielle opplevingar. Den blinde ku i Vikedal, Vikedal gardsmat og Spekehuset i Åkrafjorden er døme på matutsal. I matopplevingar får Kjøttfestivalen i Ølen og Etnemarknaden korte presentasjonar.

Reker og rogalam
Når Stavanger blir europeisk kulturhovudstad i 2008, er målet at ingen gjest skal dra heim igjen utan å ha smaka reker eller rogalam. Det er råvarer som har Rogaland sin signatur på. Å få råvarer og spesielle matrettar fram til forbrukarane, er eit satsingsområde. Optimistiske sjeler meiner arbeid med mat skal bli dei nye arbeidsplassane når oljeindustrien er på hell.
Matguiden viser sluttleddet der forbrukarane møter maten og litt ekstra opplevingar rundt det. Guiden er difor eit møte med kultur i brei forstand, med bygningar og landskap. Og ein reiskap til å utforske Rogaland.