Vekependlar til Marienlyst

— Då eg var fem år bestemte eg meg for at eg anten skulle jobbe […]

— Då eg var fem år bestemte eg meg for at eg anten skulle jobbe innan musikk eller på TV. Eg bestemte meg òg for at eg ikkje skulle få ungar før eit stykke uti tretti-åra, seier Elin Tvedt og ler.
No har ho jobba fem år som vêrdame i TV2 og fem år som programleiar i 71° Nord på TV Norge.
— Eg trivst tydelegvis best med femårs syklusar. Etter fem år på tur med 71 ° Nord, var eg nå klar for å prøve noko nytt. Eg har behov for større fagleg utfordring, og då passa NRK svært godt, seier ho.
Den populære programleiaren slapp å streve med jobbsøknadar. Ho vart headhunta til NRK, og etter ei lita betenkningstid takka ho ja til jobben som programleiar i Frukost–tv.
— Eg er veldig spent på korleis det kjem til å gå. Det er tre timars direktesending kvar dag, med tema som spenner frå kriser i Midt-Austen til korleis ein skal pynte juletreet. Dersom ein samanliknar oss med Fredrik Skavlan, har me like mykje direktesendt TV på ei veke som det han har på eit halvt år. Det er enormt mykje, seier Elin Tvedt.
Parhest med Claus Wiese
Arbeidsdagen hennar startar med å stå opp klokka 03. 00, vere på jobb frå klokka 04. 00 til 13. 00, for så å gå heim å sove nokre timar. Klokka 17. 00 skal ho vere på jobb att heilt til ho går og legg seg.
— Kva blir den største utfordringa for deg i den nye jobben?
— Bortsett frå døgnrytmen, trur eg det må bli å gjere gode intervju. Eg har ikkje mykje journalistisk erfaring, så det blir ei stor utfordring. I tillegg blir det svært viktig å halde styr på alt som skjer i samfunnet, seier ho.
— Eg får mykje hjelp av Claus Wiese, som skal vere min medprogramleiar. Han er litt sånn storebror, og viser meg korleis alt fungerer. Seinare utpå våren kan det hende at Claus Wiese vert byta ut med Petter Nome, men det er ikkje heilt avklart enda, seier ho.
— Er du eit A–menneske?
— Nei, ikkje i det heile tatt. Eg er eit B–menneske, som likar å vera lenge oppe om kvelden. Det er det å leggje seg tidleg som kjem til å bli hardast. Det blir liksom litt feil for meg å gå til sengs når alle andre byrjar å få det kjekt. Eg kjem meg alltids opp om morgonen, eg er altfor sta til å ikkje klare det, seier ho.
Vil bu i Ølen
I jobben i NRK jobbar Elin Tvedt ei veke på og ei veke av. I frivekene kjem ho mest sannsynleg heim til Ølen.
— Kan du ikkje få med at eg er på utkikk etter ei tomt, hus eller hytte på Roa i Ølen? Eg har prøvd i fem år, men har ikkje fått napp. Kanskje nokon har ein leilegheit som eg kan leige og her i Ølen, spør ho.
Ho likar seg aller best i Ølen. Oslo er ho ikkje spesielt begeistra for.
— Eg likar meg veldig godt i mellomstore byar som Bergen og Stavanger, men Oslo blir liksom litt for stort for meg. Men for all del, eg elskar jobben min, og så lenge den er i Oslo, kjem eg til å pendle til hovudstaden, seier ho.
Kjendis–tilværet
— Korleis er det eigentleg å vera kjendis?
— Dei første åra var det vanskeleg å takla. Ein trur på førehand at det å vera ein kjent person er heilt knall. Men det inntrykket endrar seg når ein skjønar at ein ikkje har kontroll på all informasjon og rykte som svirrar om deg, og kva som blir ønska og krevd av deg. No har eg lært meg å vri all merksemda til noko positivt. Eg er glad eg har jordnære menneske rundt meg. Heime i Ølen blir eg heilt sikkert trykka ned på jorda dersom eg nokon gong skulle starta å ta av, seier ho og ler.
— I Se og Hør stod det for ei stund sidan, «i fylgje venner av Elin Tvedt er det slutt med kjærasten…», klarer du å stole på at venene dine ikkje sladrar til pressa om privatlivet ditt?
— Dei som sladra om den historia til Se og Hør, er ikkje venner av meg, det veit eg. Dei som eg kallar vennene mine er ein god, gamal gjeng som eg kan stole på. Se og Hør skriv «i fylgje vennene» fordi det høyrest fint ut og ikkje fordi det er fakta. Så lenge eg ikkje har nokon store hemmelegheiter, drit eg i det aller meste som dei skriv om meg, seier ho.
— Har du hatt nokre sprø opplevingar som fylgje av det å vera kjendis?
— Å ja, ein masse. Vanskeleg å trekkje fram noko spesielt, men det var ein anonym person som i ein ganske lang periode sende meg 1.000 kroner i veka. Eg tok aldri imot pengane. TV–selskapet prøvde å spora opp personen, slik at han fekk dei attende. Det var snakk om mykje pengar! Elles får eg mange brev og gåver tilsendt. 90 prosent av det er kjempekoseleg, medan resten er litt ymse, smiler ho.
Lærer etter kvart
— Etter alt du har fått vore med på, er det framleis noko du drøymer om?
— Eg er kjempeprivilegert over å ha fått vore med på så mykje. Noko som eg har veldig lyst til er å få ta del i ein storproduksjon som går over ein heil kveld på direkten. Eg får kick av å måtte prestere der og då, seier Elin Tvedt.
I jobben som programleiar i direktesendt TV, får Elin verkeleg sjansen til å oppnå det store kicket.
— Det blir sikkert litt tull i starten. Dersom ein vil sjå noko morosamt, må ein skru på NRK litt før halv sju måndag 9. januar, seier ho og ler.
— Det blir sikkert nok av tabbar i starten, men eg lærer nok etter kvart, seier ho.