Etter eit heilt år med planlegging og øving, var det i helga klart for å presentere revyen «Ikkje bra, men godt nok» for bygdefolket. To framsyningar kombinert med julebord og dans, freista såpass mykje at billettane i lang tid har vore utselde.
— Det er viktig å få med kor positive folk i Vikedal er. Det er ikkje nei å høyra nokon stad når me spør om hjelp, seier medprodusent Ingebjørg Rullestad Gjærde.
Bygdeoriginal og flotte stemmer
Aller fyrst ut var Vegar Blikra som var svært overbevisande i rolla som revyens bygdeoriginal. Denne karakteren fekk publikum møte tre gonger gjennom revyen. Ein ting som sette ein ekstra spiss på revyen var all den fine musikken. Banda med kapellmeister Gisle Heggebø i spissen, gjorde ein formidabel innsats. Av aktørane på scena er det verd å nemne Mona Lill Hundseid. Ho song den eine songen etter den andre med imponerande stemme og innleving. Ho klarte å vera morosam samstundes som ho imponerte med si stemmeprakt!
Gode tekstar
Det var heilt tydeleg at gjengen i Vikedal ungdomslag og i revygruppa Port Salutt har lagt ned ein enorm innsats i å skrive gode tekstar. Nummera «Hu ronlurta» og «Bingorap» var gode eksempel på det.
Elles vart det møte med ein sexy taxisjåfør, ei fotballkona som verkeleg ofra seg for sin fotballfrelste mann og småbarnsprat mellom to sjarmerande krølltoppar. Eit nummer som rett og slett gjekk rett heim hos publikum var «Nett no camping». Her møter me innehavaren av No Camping som undrar seg over kvifor han ikkje får fleire gjester. Han får til slutt besøk, men det han ikkje har fått med seg er at gjestene er Haugesund nudistforeining. Kostymane, som verkeleg ikkje overlet noko til fantasien, fekk latterdøra på vidt gap hos publikum.
Sandeid med z
Nummeret «zzz» var revyens beste nummer. Her gjorde Svein Bjarte Holten ein fenomenal innsats i å parodiere Frank Abelseth og hans nye Sandeid-prosjekt. Med ein svært zporty framtoning i knallrosa, tettsitjande treningsbukse og smokingoverdel, hevda han at for å kome til Sandeid måtte ein vera zporty og «pen i tøyet». Målet til den zporty karen var å få fire tusen til å flytta til Sandeid, slik at bygda kunne få bystatus.
Kveldens stjerne
John Sofus Grimås, innehavar av Sommerhaven, har i 30 – 40 år blitt parodiert på Vikedalscena. I år tok han saka i eigne hender og viste ikkje berre stor sjølvironi, men og skodespelartalent.
— Eg forstår ikkje kvifor idrettsfolk trenar så mykje, eg får like mykje applaus berre ved å gå over golvet her, sa han rørt etter at trampeklappen hadde roa seg.
Revyen i Vikedal var svært god, men for ei som ikkje er lokalkjend vart noko av humoren litt vel intern. For bygdefolket derimot, var jamlege latterbrøl eit tydeleg bevis på at kvaliteten var av beste klasse.
Hanne Rullestad Rosseland