Vender ryggen til turistsatsing

Grunneigar Gunnar Halvorsen meiner det er oppsiktsvekkjande at politikarane ikkje er positive til det han […]

Grunneigar Gunnar Halvorsen meiner det er oppsiktsvekkjande at politikarane ikkje er positive til det han karakteriserer som ei stor turistsatsing.
Halvorsen vil ikkje kommentere kva han gjer vidare med planane for Søndenåneset, etter at eit samrøysta formannskap på førre møte var negativ til at området blir regulert til campingplass. Politikarane ønskjer heller hyttebygging på Søndenåneset.
— Det er oppsiktsvekkjande at dei ikkje er positive til planane for ei så stor turistsatsing, meiner grunneigaren.
Han stiller spørsmål ved om vedtaket er gjort på bakgrunn av for dårleg orientering.

Vekt på estetikk
Formannskapet skulle på førre møte komme med ei uttale til planane om oppstart av reguleringsarbeid på Søndenåneset. Politikarane har følgd rådmannen og bygningssjefen sine tilrådingar. Bygningssjefen skriv i si utgreiing at estetiske omsyn talar for at området heller bør brukast til tradisjonell hyttebygging. Det blir peika på at store delar av arealet kring Vikedalsstranda allereie er i bruk som campingplass. Søndenåneset har eit areal på nærare 450 mål, noko som tyder på at campingplassen kan bli stor.
Bygningssjefen legg også til grunn at Søndenåneset er vurdert til å ha høg landskapsverdi og fylkesinteresse. Dersom campingplass skulle bli realisert, framhevar bygningssjefen at det må leggast vekt på at installasjonane blir godt plasserte i terrenget.

Ny sak
For fem år sidan hadde Halvorsen planar om å leggje til rette for eit stort hyttefelt i området. Det blei utarbeidd eit skisseframlegg som omfatta i overkant av 100 hytter. Planutvalet stilte seg positivt, og på bakgrunn av dette blei kommuneplanen for store delar av Søndenåneset endra til «framtidig byggjeområde for fritidsbygg». Sidan grunneigaren endrar planane frå å gjelde tradisjonell hyttebygging til campingplass, måtte det likevel takast ny politisk stilling til desse.
— Kommunen kan velje at dei vil ha hyttefelt på planløysinga, men det tyder ikkje at det blir hyttefelt av den grunn, kommenterer Halvorsen, som altså meiner kommunen vender ryggen til ei stor turistsatsing.