Det vil være ei miljøpolitisk katastrofe for Vestlandsnaturen dersom Regjeringa vel å følge NVE si innnstilling i denne saka.
Både Hordaland Venstre og Naturvernforbundet går sterkt i mot utbyggjing
Berre gjennom vern av dette eineståande området som nasjonalpark kan man få sikra at den vakre og dramatiske naturen på Folgefonna vert teken vare på for framtidige generasjonar. Å ta vare på dei største naturattraksjonane er nøkkelen til å få ei aktiv satsing på reiseliv i Folgefonna-området. Dei norske fjordane er nyleg kåra til verdas beste reisemål av National Geographic, og det er avgjerande å ta vare på desse naturattraksjonene som turistene kjem for å besøke.
Omsynet til miljøet, naturopplevingar og reiseliv må her gå foran kraftutbyggingsinteressene. Både for det lokale friluftslivet og reiselivet vil det vere eit stort tap om den flotte Tokheimselva vert redusert til en liten bekk. Difor krev Venstre at Tokheim-Eitrheim vassdraget vert verna.
May Britt Vihovde,
ortingsrepresentant
frå Venstre