Tala frå inntaksavdelinga ved opplæringsavdelinga i Rogaland fylke viser at 18 elevar har søkt allmennfaglina ved Ølen vidaregåande skule frå hausten.
Det låge talet bekymrar ikkje rektor Ingrid C. Søndenaa stort.
— Nei, så lenge tala frå Hordaland ikkje ligg føre, er det for tidleg å bekymre seg over det, seier ho.
Men ho legg ikkje skjul på at det er veldig viktig for skulen å ha to parallellklasser på allmennfaglina.
— Vi bør ha to klasser for å få nok elevar i gruppene, og blir vi redusert med ei klasse vil vi ikkje få det ressurstilfanget vi har nå.
Men søknaden til påbygging er veldig god, med heile 24 søkjarar. Dette har mykje å seie for allmennfaglina, seier Søndenaa.
Mange vil til Ølen
Elles er søknaden frå Rogaland til første opptak heile 212 elevar, noko som er svært godt.
— Dette er omtrent som i fjor. Så her lever vi i beste velgåande og har mange spennande ting på gang. Elevar frå mange stader ringer og vil kome hit. Dessutan kan vi ta inn vaksne elevar dersom dei vil spisse karakterane sine. Difor tek eg dette heilt med ro, seier rektor Søndenaa, som ser fram til at søknadslista frå Hordaland fylkeskommune skal bli offentleggjort om ikkje så lenge.
— Tradisjonen har vore at ein tredjedel av søkjarane hit til skulen kjem frå Etne, legg ho til.
Ingrid C. Søndenaa opplyser elles at det er viktig å behalde to klasser i allmennfag komande skuleår, for frå skuleåret 2006/2007 vil ei ny avtale med Hordaland fylkeskommune begynne å gjelde.
Då vil formgjeving bli ein del av allmennfaget.
Inntaksleiar Nils Skavhellen ved inntakskontoret i Hordaland fylkeskommune viser til ei pressemelding som blir sendt ut 17. mars når det gjeld talet på søkjarar til Ølen vidaregåande skule frå Hordaland.