Det er ikkje mange av innbyggjarane i Vikedal som ikkje er med og gjer ein solid innsats, anten på ein eller alle festivalane som vert arrangert i bygda. År etter år stiller bygdefolket opp, og festivalane veks for kvart år. Framfor årets Rootsfestival er alt i boks, og styret har hatt god kontroll i fleire veker. Vaktkompaniet har sikra festivalen vakter som skal gjennomføra over 400 arbeidsøkter, noko som vil seie at godt over 300 bygdefolk stiller opp for å gjere ein innsats.
— I år har me også leigd inn politi og profesjonelt vakthald som skal sikra festivalen endå betre. Sjølv om det ikkje har oppstått problem før, er i alle fall vaktene våre endå tryggare om det skulle skje noko, seier festivalsjef Anne C. Berentsen.
Berre dei siste åra har Rootsfestivalen vakse med kring tusen publikummar for kvart år, og med eit bra program og store forventningar, kan fem tusen besøkande vera innan rekkevidde.
— Kvar kjem dette til å ende?
— Det er opp til bygdefolket sjølv, seier festivalsjef Berentsen.
— For vår del kan det bli nye Roskilde, fleipar Marianne Andersen som er bookingansvarleg for festivalen. Med eit veldig godt år i fjor, er festivalen nå utan gjeld, og dei håpar på vidare suksess for å byggja vidare og investera til betre festival for kvart år.
God støtte
Med støtte frå lokale sponsorar, kommunen og Norsk kulturråd, har festivalen eit solid grunnlag til artistbudsjettet.
— Sida me har fått mykje støtte, kan me også ha billettprisar til ein hyggeleg pris, seier ein nøgd festivalsjef. Madrugada, som er eitt av årets store trekkplaster, er venta å trekkja mest folk, og det er ikkje utenkelieg med fullt telt under konserten.
— Det var enkelt å booke Madrugada, dei gleder seg til å komme hit. Eit band som har seld så mykje plater som dette, vil heilt sikkert trekkje mykje folk, seier Marianne Andersen, som har booka alle artistane utan problem. Programmet har gode namn på lista, og festivalsjefen gir uttrykk for store forventningar til mange av artistane.
— Det er eit program som fengjer alle aldersgrupper, samtidig som det er roots. Eg har mange favorittar eg ser fram til, og håpar eg får med meg det meste, seier Berentsen.
Overnatting, areal og sanitæranlegg har i år fått ei endå større oppgradering i Vikedal, og alle som kjem skal få plass og gode forhold.
— Me har leigd større område der me kan ha festivalcamping. Me har også område ved meieriet som er tilrettelagt for bubilar. Det skal vere plass til alle som kjem, forsikrar Berentsen.
Vindafjord båt- og turistsenter har dei siste månadane bygd opp det fyrste steget av langhuset i båthamna. Eit sanitæranlegg med garderobar, toalett og eit overbygd torg står nå klart til å ta imot dei mange turistane som er venta til Vikedal i løpet av sommaren.
— Det nye anlegget legg til rette for ei hamn med gode forhold og kan ta imot ei stappfull båthamn, seier Anne C. Berentsen, og håpar det vert rekordmange som tar turen med båt dette året. Vikedal Vertshus er også klart til å ta imot gjester når festivalen startar, og her skal det blant anna serverast gourmetmiddagar til alle tider.