Ny metode i leseopplæring

Sissel Askvig fortel at Nylundmodellen, som den nye organisasjonsmodellen heiter, eigentleg kjem frå New Zealand. […]

Sissel Askvig fortel at Nylundmodellen, som den nye organisasjonsmodellen heiter, eigentleg kjem frå New Zealand. Nylund skule i Stavanger var på leit etter ein ny modell for lese- og skriveopplæring då dei fann denne modellen på ei studiereise til Australia og New Zealand.
— Eg hadde høyrt om den nye modellen, og på ein studietur til Stavanger fall eg pladask for det eg såg på Nylund skule. Eg syntes dette ikkje minst var ein fin måte å få ei tilpassa undervising på. Metoden skaper også meir engasjement og samarbeid mellom elevar, skule og heim, seier ho.
— Kva er største forskjellen frå tidlegare?
— Det er organiseringa. Her må ein ikkje låse seg til ein metode. Det blir tatt omsyn til at elevane er forskjellige. Elevane les meir enn dei har gjort før, og foreldra blir dratt inn i undervisinga. Kvar dag blir foreldra bedne om å bruke om lag ti minuttar til å høyre barnet sitt i leksa, og kvittere på eit lesekort, fortel ho. Denne tida bør vere overkommeleg for alle foreldre, meiner ho.
Ho fortel at Rygg skule starta med den nye opplæringa etter vinterferien i fjor, og at det fungerer veldig fint.
Erfaringa frå Nylund skule, der dei har drive etter denne modellen i fire år, er også svært god. Tilbakemeldingar derifrå viser at elevane er blitt flinkare. Fleire gjer alt rett, og utviklinga er svært god.
— Dei store forventingane dei hadde er blitt innfridde, seier Askvig.

Stasjonar
Klassa blir oppdelt i grupper, som sirkulerer mellom seks stasjonar med kvar sine hovudfelt. Ein stasjon er lærarbetjent. På dei andre kan elevane arbeide med blant anna lesing, skriving, finmotorikk og samarbeid ut frå sin eigen ståstad. Eit målkort skal vise kva kvar elev skal øve ekstra på. Når det oppsette målet er nådd tre gonger, kan han det.
At arbeidet i gruppene fungerte roleg og fint, fekk Grannar sjølv oppleve då dei var innom. Ivrige elevar jobba i gruppene, og når tida ved stasjonen var over vart dette tydeleg markert. Konsentrasjonen ved ein ny stasjon skulle vere hundre prosent.
Askvig fortel at modellen krev mykje planlegging, men gruppeundervisinga er lett og oversiktleg å gjennomføre. Dessutan ligg det føre mykje godt matereleg pris, seier ein nøgd festivalsjef. Madrugada, som er eitt av årets store trekkplaster, er venta å trekkja mest folk, og det er ikkje utenkelieg med fullt telt under konserten.
— Det var enkelt å booke Madrugada, dei gleder seg til å komme hit. Eit band som har seld så mykje plater som dette, vil heilt sikkert trekkje mykje folk, seier Marianne Andersen, som har booka alle artistane utan problem. Programmet har gode namn på lista, og festivalsjefen gir uttrykk for store forventningar til mange av artistane.
— Det er eit program som fengjer alle aldersgrupper, samtidig som det er roots. Eg har mange favorittar eg ser fram til, og håpar eg får med meg det meste, seier Berentsen.
Overnatting, areal og sanitæranlegg har i år fått ei endå større oppgradering i Vikedal, og alle som kjem skal få plass og gode forhold.
— Me har leigd større område der me kan ha festivalcamping. Me har også område ved meieriet som er tilrettelagt for bubilar. Det skal vere plass til alle som kjem, forsikrar Berentsen.
Vindafjord båt- og turistsenter har dei siste månadane bygd opp det fyrste steget av langhuset i båthamna. Eit sanitæranlegg med garderobar, toalett og eit overbygd torg står nå klart til å ta imot dei mange turistane som er venta til Vikedal i løpet av sommaren.
— Det nye anlegget legg til rette for ei hamn med gode forhold og kan ta imot ei stappfull båthamn, seier Anne C. Berentsen, og håpar det vert rekordmange som tar turen med båt dette året. Vikedal Vertshus er også klart til å ta imot gjester når festivalen startar, og her skal det blant anna serverast gourmetmiddagar til alle tider.