Ventelister i Ølen og Etne

— Her har søknaden på tredje påbygging vore spesielt stor, fortel Ingrid Søndenaa, rektor på […]

— Her har søknaden på tredje påbygging vore spesielt stor, fortel Ingrid Søndenaa, rektor på Ølen vidaregåande skule.
Fleire står på venteliste til denne lina, men Søndenaa legg til at truleg ventar fleire av dei som har søkt eigentleg på lærlingplass. Nokon får gjerne denne i siste liten, og då blir ikkje søkjartala heilt reelle. På VK I elektrofag er det så mange søkjarar at det blir vurdert å opprette ei klasse til i siste liten.
Nytt fag populært
Nytt fag i Ølen i år er VK I tømrar, og også til denne lina er det ventelister. Det same er det på grunnkurs i byggfag og mekaniske fag, medan det er ledige plassar på formgivingsfag og allmennfag i Ølen. Søkjartalet til formgivingsfag gjekk ned då det kom ei konkurrerande line i Etne i fjor, og Søndenaa trur også at studieretninga i media og kommunikasjon som startar i Etne i år, gjer at det er litt færre som har søkt seg til allmennfag i Ølen.
Elevtalet ved Ølen vidaregåande skule kjem likevel til å liggje på kring 300 elevar i år som i fjor.
På Etne vidaregåande skule opplyser inspektør Arild Stenberg at det før siste opptaksrunde står elevar på ventelister både på grunnkursa i formgivingsfag, media og kommunikasjon og mekaniske fag. Det gjer det også på dei vidaregåande studieretningane i arbeidsmaskinar og køyrety.
— Me har hatt god søknad i år, framhevar Stenberg, og han fortel at den nye medielina ser ut til å slå godt an.