Verre enn venta for Vindafjord

Statistisk sentralbyrå laga ved årsskiftet prognosar for folketalet i kommunane utan å kjenne fasiten for […]

Statistisk sentralbyrå laga ved årsskiftet prognosar for folketalet i kommunane utan å kjenne fasiten for desember. Etter at denne siste delen av året er tatt med, viser det seg at prognosen for Vindafjord var for positiv. Den viste minus 44, medan den reelle nedgangen i folketalet er 58 i fjor.

Etne i same båt
For Ølen sin del var prognosen litt for negativ, og dei nye tala viser at det vart seks færre ølensbuar i fjor. For Etne sin del vart nedgangen større enn prognosen, og folketalet gjekk ned med 13 personar i fjor.
Ved årsskiftet var det dermed 4.698 personar i Vindafjord. Samanslåingsnaboen Ølen hadde 3.420 innbyggjarar ved utgangen av året. Folketalet i Etne var redusert til 3.903 ved årsskiftet.
Medan Vindafjord no har det lågaste folketalet sidan 1979, er Etne i same båt. I Etne må ein tilbake til 1978 for å finne eit år med færre innbyggjarar enn kommunen har i dag.

Balanserer nokolunde
Ølen er derimot i ein litt annan situasjon enn nabokommunane, og har over tid hatt ein jamn vekst i folketalet, med eit lite tilbakeslag i fjor. Dei ti siste åra har folketalet auka med over 200 personar i Ølen kommune.
Når Ølen og Vindafjord blir ein kommune frå årsskiftet, er det to kommunar med heilt ulike utviklingstendensar når det gjeld folketalet. Slår ein saman folketalet i dei to kommunane dei ti siste åra, så går det sånn nokolunde i balanse. Med ein relativt sterk nedgang i Vindafjord i 2004, og ein svak tilbakegang også for Ølen, går oddsa i retning av nedgang også for den nye kommunen.
Med fødselsoverskot i alle dei tre kommunane Etne, Ølen og Vindafjord, har dei felles lagnad i netto utflytting.