Eg kan ikkje anna seia enn at eg støttar han fullt ut i det han her skriv. Flotte formuleringar og gode intensjonar.
Ut frå dette burde jo absolutt KrF vore bøndene sitt parti? Hadde eg ikkje visst betre kunne vel Kristian Helland fått meg til å tru det. Men sjølv om minnet kanskje blir svakare, hugsar eg faktisk jordbruksoppgjera frå Bondevik 2 regjeringa. Historisk dårlege oppgjer fire år på rad er inntrykket eg set att med. Mismot og avvikling i rekordfart var resultatet.
Ut frå intensjonen i lesarinnlegget ventar eg derfor på ein unnskyldning frå KrF for måten dei handsama bøndene på då dei sat i regjering. Derifrå og inn vonar eg me kan kjempa saman om å betra vilkåra for bøndene, også for å få betre tilbod frå dei raudgrøne.
Sigve Sørheim
1.kandidat Etne Sp