Verst av alt er likesæla

Tradisjonen med 17. mai feiringa har vore veldig stabil i alle år etter krigen. Men […]

Tradisjonen med 17. mai feiringa har vore veldig stabil i alle år etter krigen. Men 8, mai – frigjeringsdagen – har mist mykje av sin glød i dei seinare åra. Samanlikna med markeringa og feiringa av denne dagen med dei første åra etter 1945, så er dagen i ferd med å «bleikna burt». I media vert frigjeringsdagen knapt ofra ord, og mange flaggstenger står nakne. Berre i byane og dei store tettstadene vert dagen markert med flagging og minnestund ved minnebautaer.
Er me i ferd med å gløyma kva freden og fridomen kosta i åra 1940-45? Er det ei skam? «Aldri meir – og aldri gløyma» var parolen i 1945, då verda var fridd frå dei grufulle diktatura. «Norge for nordmenn» heitte det då frå sjømenn som hadde hatt ein stri tørn i krigsåra. Den parolen blei snart avliva.
Statistikk fortel oss at krigen kosta landet vårt 10 268 menneske livet. Av desse var gruppa av sjøfolk 3 568 menn og 70 kvinner. I tillegg kjem alle dei som overlevde ragnarokket med ei øydelagd helse. I dag er dette blitt berre tal for oss.
Er me blitt blaserte i så måte av all vold og alle drap som skjer dagleg hos oss?
I dag ligg landet vårt ope for all mogleg slags innvandring av kriminelle som driv med menneskesmugling, menneskehandel, drapsmenn, narkotikahandel delvis styrt frå utlandet. Jamvel krigsforbrytarar frå andre land får statsborgarskap hos oss.
Våre stortingspolitikarar skjøna ikkje kva som var på gong då grensene våre berre var ein strek på kartet. I dag skal alt flyta fritt. Det heile er til å grina av. Politiet vårt som skal gje landets borgarar tryggleik maktar ikkje på langt nær sine oppgåver i byane. Det er kriminelle gjengar som dominerar gatebildet til tider. Moralen sviktar og kristenkulturen vår må vika. Statsreligionen må bort, nasjonalstaten må bort. I Oslo er det visstnok 70-80 ulike nasjonalitetar av folk frå andre land. Det fullkomne fellesskap kallast det. Korleis blir det med våre minnedagar? Om hundre år er allting gløymt av det som har vore, ingenting blir som før.
Eit land med mette folk og naive politikarar har lett for å lata likesæla få råda. Det har vore sagt av ein vismann at likesæle er demokratiet og fridomen sin verste fiende. Mykje tyder på at vismannen kan få rett.

Endre Heggen