Vert tvinga til å forlata familien og jobben

Dem Avdijaj og Elin Marie Låte bur nå i Etne med familien hennar. Ho har […]

Dem Avdijaj og Elin Marie Låte bur nå i Etne med familien hennar. Ho har teke pause frå sjukepleiarstudiet for å vera heime med Emil på fire månader.
Sambuaren hennar, Dem Avdijaj, har nettopp fått fast stilling i transportavdelinga på Westcon. Men her tek eventyret slutt. Sambuarparet får ikkje gehør i Utlendingsdirektoratet (UDI), som er fast bestemt på å senda Dem Avdijaj ut av landet.

Mista arbeidsløyve
— Eg har fått avslag på asylsøknaden to gonger før. Nokre dagar før jul kom det endelege avslaget, som seier at eg må forlata landet snarast mogeleg. Men det kan eg ikkje gjera. Eg kan ikkje forlata familien min og reisa tilbake til heimlandet der eg verken har jobb eller hus, seier ein tydeleg opprørt Dem Avdijaj.
Etter det endelege avslaget på asylsøknaden mista Dem Avdijaj retten til å jobba eller bu i Noreg, samt fullføra førarkortopplæringa.
— Eg har brukt 25.000 på å ta førarkortet. Nå hadde eg berre oppkøyringa igjen. I tillegg har eg fått fast jobb på Westcon, men utan arbeidsløyve kan eg korkje få førarkortet eller gå på arbeid. Eg kan ikkje lenger ta vare på sambuaren min og sonen min, fortel Dem Avdijaj.

Forsørgjar
Utlendingsnemnda (UNE), som avgjer utfallet av asylsøknader, avslo søknad om asyl, men viste til at Dem Avdijaj kunne søkja om familiesameining. Eit av krava til det er at Dem Avdijaj skal verta økonomisk forsørgja av sambuaren Elin Marie Låte.
— Reglane for familiesameining seier at eg må ei årleg inntekt på minst 178.100 kroner per 1. mai 2006. Men dette er jo latterleg. Det er Dem som er forsørgjaren min. Hans inntekt er det dobbelte av det som UDI krev. Men nå kan han ikkje jobba lenger, seier Elin Marie Låte.
Akkurat nå er ho i fødselspermisjon med den fire månader gamle sonen deira. I tillegg fekk ho i 2003 diagnosen Mb Bekterew, som er ei leddgikt.
— Du ser at eg er stiv i kroppen, og Dem hjelper meg med å bæra på minstemann. Me får også god hjelp av mor mi som bur i etasjen under oss. Men eg ser ikkje for meg at eg kan gå i fullt arbeid for å skaffa leverbrød for heile familien. Dette er absurd, seier ho og ristar på hovudet.

I fare
Dem Avdijaj kjem frå Istok i Kosovo. Han snakkar albansk, men høyrer til den etnisk minoritetsgruppa ashkali. I konflikta mellom serbarar og albanarar i det området han kjem frå, vart ashkaliane lasta for å halda med serbarar, som torturerte og jaga vekk albanarar.
— Min familie ville ikkje flytta frå heimstaden under krigen. Serbiske soldatar jaga vekk albanarar og brente ned deira hus. Me flytta ikkje, og då albanarane vendte tilbake fekk me skulda for å stå på den serbiske sida. Men me har ikkje gjort noko gale, fortel Dem Avdijaj.
Likevel sette hemnlysten familien i fare. Heile familien rømde. Først til Montenegro, og to år seinare, via Italia og Tyskland – til Noreg.
— Mor mi og dei to yngre brørne mine, reiste tilbake til Kosovo frå Montenegro. Det var oss vaksne menn det var farleg for, fordi me var gamle nok til å kunne ha vore med på ugjerningar mot albanarar, fortel Dem Avdijaj.

Saknar forklaring
I sakspapira kjem det fram at huset til mora vart brent ned, og at ho, saman med to søner, nå bur hjå naboar. Likevel held UDI i vurderinga si seg til blant anna FN og OSCE (Organization for Security and Co-operation in Europe) sine rapportar som seier at situasjonen i forhold til tryggleik for ashkaliane er betra, og at dei største utfordringane for denne etniske gruppa nå er arbeidsløyse og dårleg økonomi. Dette kan også Dem Avdijaj stadfesta.
— Me kan ikkje reisa tilbake. Det er ingen jobb å få, og me har ingen plass å bu. Her i Noreg forsørgjer eg meg sjølv og familien min. Eg kostar den norske staten ingenting. Eg betaler også skatt. Eg kan ikkje forstå at dei vil senda meg ut, seier han.
— Det verste av alt er at me ikkje får noko forklaring på kva som går føre seg og kva det er som ventar oss. UDI vil utvisa Dem, medan advokaten vår snakar om at Dem kan få vera i landet innan familiesameininga er ferdig handsama. Alle seier at me må avventa, men samstundes får me brev om at Dem må forlate landet, seier Elin Marie Låte.