Vestbø var berre halvminuttet frå ein sjetteplass.
— Eg følte meg i form før start, så dette var eit nytt bra løp, seier Thomas som også er i VM-diskusjonen.
Gerhard Steinnes var og på Lygna. Han kom eit stykke ned på listene.
— Eg skal gå stafett under NM, og derfor må eg prøve å halde meg i form, seier han.
Jespersen på det jamne
Chris Andre Jespersen blei nummer ti på 15 km klassisk, og ni på 30 km fristil på Lygna i helga.
— På det jamne, sa Skånevik-guten som går for Byåsen.
— Laurdag hadde eg dårlege ski. Søndagens distanse er nok litt i lengste laget for meg, seier Jespersen som ikkje er veldig glad i dei heilt lange løpa for tida.
Chris Andre debuterte i World Cup med 13. plass tidlegare i vinter.
— Det er nok framleis min beste sportlege prestasjon, seier han.