Sandeid-guten imponerte med ein 15.plass under 30 km dualton NM på Gjøvik, og fekk i dag meldinga om at han var teken ut som ein av elleve utvalde. VM går av stabelen i Praz de Lys Sommand i Frankrike siste helga i januar.
Distansane er 5/10 km fristil, 15/30 km pursuit og klassisk sprint. Vestbø er i godt herrelag i U-23-klassen. Han får med seg Niklas Dyrhaug, Eirik Kurland Olsen, Thomas Fremo, Øyvind Gløersen og Ole Marius Bach.