Nærast dagleg høyrer me om rekordhøge matvareprisar på verdsmarknaden. Svenske bønder får vel så mykje betalt for t.d. korn som norske, sjølv om marknaden er mindre regulert i Sverige. Svenskehandelen går ned fordi prisskilnaden minkar. Ris, mais, og korn stig til prisnivå som trugar med utradera den vesle velstandsveksten mange land i den fattige verda har opplevd siste tiåret, og svolten kryp nærare for fleire.
Til og med Dagens Næringsliv er no bekymra, og kommentator Ketil Wiedswang refererte 19. april at dette kan få alvorlege politiske konsekvensar i ei rekkje land. Årsakene er auka kjøtforbruk i land som Kina og India, dårlege avlingar i mange land p.g.a. uver og auka produksjon av biodrivstoff frå matvarer.
Noreg er ein integrert del av verdsmarknaden også for matvarer. Med mindre eigen produksjon må me kjøpa meir frå andre land. Skulle svaret då vera ein landbrukspolitikk som skapar fleire bruksnedleggingar og meir brakklegging av matjord? Sjølvsagt ikkje, men det har vore konsekvensen av dårlege oppgjer det siste tiåret. I perioden 1995-2005 hadde bøndene ein årleg nominell inntektsvekst på berre 2,5 %, langt mindre enn andre grupper og ikkje i takt med den allmenne prisveksten. Sitjande regjering legg lista høgare, og tala frå budsjettnemnda viser at inntektsveksten frå 2006 til 2008 var på 17,9 %. Inntekta er likevel berekna til å vera berre 187.300 kr i 2008.
I 2008 er også norske bønder innhenta av gallopperande prisvekst på kunstgjødsel, drivstoff og finansiering – driven av den same verdsmarknaden. Det gjer det naudsynt å nå endå betre jordbruksoppgjer dette året for å halda fram utviklinga med å redusera gapet til andre yrkesgrupper. Skjer ikkje det, er det ikkje til å undra over om bønder som alle andre ser seg om etter anna arbeid.
Statistikken viser at optimismen er på veg attende i landbruket. Dagens Næringsliv kunne nyss melda at avgangen frå yrket i fjor kom under 2000 nedleggingar for første gong på mange år. Det er skilnad på Sponheim (med H og Frp på slep) og Riis-Johansen.
Vestlandsjordbruket (Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal) er likevel særleg utsett. Her er bruka mindre og geografien skapar mindre miljø og mindre vilkår for effektar av samanslåing og samdrift. Det typiske vestlandsbruket har også kome relativt dårlegare ut av oppgjera over lang tid, og nedleggingane skjer i større grad her. Bøndene, bygdene og alle som er opptekne av eit velhalde kulturlandskap treng derfor eit oppgjer i vår som særleg styrkjer denne brukstypen. Regjeringa er godt i gang, men 2008 er eit lagnadsår. Hordaland Sp har voner om eit oppgjer som gjev utteljing og grunnlag for framtidsoptimisme for vestlandsbonden også.
Steinulf Tungesvik,
leiar i Hordaland Sp