Veterinærane går av vakt

Det er ein langvarig konflikt mellom veterinærane og Landbruksdepartementet som no får konsekvensar ved at […]

Det er ein langvarig konflikt mellom veterinærane og Landbruksdepartementet som no får konsekvensar ved at landets veterinærar ikkje lenger vil ta kvelds- og helgevakter.
— Eg synst det er fælt at det skal gå ut over husdyr og i neste omgang eigarane. Det blir ein vanskeleg situasjon. Men når staten ikkje vil lytte til oss, har vi ingen annan utveg. Alle vil ha rimeleg betaling for jobben sin. Det står veterinærane saman om, seier veterinær Ellen Prytz-Hansen.
Ho er ein av fire dyrlegar som er med i vaktordning for Ølen og Vindafjord. Også i nabokommunen Etne er det slutt på veterinærvakta når den sentrale avtalen opphøyrer frå 1. januar.
Samanlikne med legar
Den norske veterinærforening sa opp avtalen med staten i sommar, men i månadene som har gått, har ikkje landbruksminister Lars Sponheim kome landets veterinærar i møte med å gi betre kompensasjon for å ha veterinærvakt på kveldstid og i helgar.
Prytz-Hansen sin veterinærkollega i Ølen, Jarle Heddeland, seier konflikten er blitt eit faktum fordi staten ikkje har følgt opp tidlegare lovnader.
— Eit eige partssamansett utval vart sett ned, og det slo fast at veterinærane skal få det same som andre yrkesgrupper ein kan samanlikne med. I vårt tilfelle vart det legane, og departementet var samd i konklusjonane. Men no er ikkje dette papiret verdt noko og vi får ikkje noka opptrapping i 2005, seier Heddeland.
Veterinærane har i dag halvparten av det legane får for utrykkingsvakt.
Dyr vil lide
Han fryktar at veterinærane kan bli skyteskive dersom dyr vil lide og bønder taper pengar som følgje av konflikten.
— Det er viktig å presisere at dette ikkje er ein konflikt med dyreeigarane. Det er ein uhaldbar situasjon for oss, men konflikten skal sikre at det blir ei vaktordning i framtida. Det er staten som har tatt på seg ansvaret for at landet skal ha ei vaktordning og då må staten også kjøpe tenesta med ei godt nok betalt vaktordning, seier Heddeland.
I tillegg til at opptrappinga for veterinærane er i dødvatnet, har også departementet på sikt ønske om å innføre nye prinsipp steilt imot det Veterinærforeininga vil godta.
Må hjelpe
Veterinærane vil frå laurdag av jobbe vanleg kontortid, men ikkje om kveldar og i helgar. Mattilsynet har ansvaret for dyrehelsa, og tilsynet har gått ut med at alle veterinærar har plikt til å hjelpe når det er livstrugande for dyr.
— Etter lovverket har vi plikt i slike situasjonar, men vi har inga plikt til å vere tilgjengelege slik som i ei vaktordning, seier Heddeland.
Kollega Prytz-Hansen reknar med at bønder vil prøve å få kontakt med dyrlegar utanom den faste kontortida.
— Klart eg vil reise ut om situasjonen krev det. Men det seier seg sjølv at vi ikkje er så veldig tilgjengelege når avtalen er sagt opp. Vi får håpe staten tar til fornuft og at det ikkje blir dyr som unødvendig mistar livet fordi det ikkje fekk hjelp, seier Prytz-Hansen.
Ho har liten sans for at Mattilsynet har sagt at dei vil gi opp namn og telefonnummer til nærmaste dyrlege dersom deira vakttelefon blir kontakta.