VG-journalistikk i Grannar

Eg reknar med at overskrifta er redaksjonelt initiert. Kanskje ut frå at «dårleg nytt er […]

Eg reknar med at overskrifta er redaksjonelt initiert. Kanskje ut frå at «dårleg nytt er godt nytt», men ikkje mest sansynleg. Stadige negative vinklingar i avisa byggjer ikkje opp under eit godt klima. Oppgåva nå er vel ikkje å splitta?
Me som var til stades opplevde ei positiv atmosfære med forventnig både i Skjold og Vikedal.
At det kjem spørsmål, – også kritiske ytringar til prosessen, er slik eit folkemøte skal vera.
Likevel sit inntrykket att at orientering og forklaring avklarar tilfredstillande.
For meg som har stått sentralt i «forprosjektet», gledar det at «nye» Vindafjord synest ha fleire tilhengarar i dag enn ved folkeavstemminga.
Så ikkje i Grannar! – Sist må vel vera då tre ordførarar for ca. fem år sidan tok til orde for tett samarbeid framfor fusjon. Då meiner eg å hugsa Grannar tok til orde for at nett samanslåing var løysinga. Dette vart alvor for Ølen og Vindafjord, medan Etne trekte seg.
Sidan har Grannar vore negativ. – Kvifor redaktør?
Me har i grunnen lov å venta at lokalavisa vår syner litt meir entusiasme for eit så banebrytande prosjekt for kommunane og distriktet vårt.

Oddvar Haugland