For ikkje lenge sidan gjorde SV sin parlamentariske leiar framlegg om spritsal i vanlege forretningar, i det han kalla griskgrendte strok – sprit plassert i skap. Etter presseoppslag som følgde hadde den parlamentariske leiaren i SV kontakta ikkje berre helse- og omsorgsministeren, men også kommunal – og regionalministeren. Begge hadde sagt seg samde, heitte det.
Om alt vil gå slik som det no vert lagt opp til, så vil det altså ikkje vere igjen restriksjonar for alkoholomsetninga her i landet. Det er i grunnen rart at ikkje regjeringsmedlemmer ser samanhengane mellom tilgang og forbruk. Og ein treng vel ikkje å spå om framtida, når ein veit at skadeverknadane vil kome.Vi hugsar at då Finland opna for ei utviding av polutsala i landet og samstundes utviding av ølsalet på landsbygda steig forbruket av alkohol på kort tid med 40 prosent. Ein skulle tru at statsrådane les måndagsavisene landet over, og finn at ungdom drikk som aldri før, dei sosial- og helsemessige problema skulle vere velkjende, Ein skulle ikkje trenge å nemne barn sine oppvekstvilkår i heimar der mor og far vert «rare». Kva med fosteret i mors liv når ein veit om skadane ved alkoholbruk? Ein kunne sjølvsagt ha rita opp ei lang liste med
skadeveknadar.
Eg veit sikkert at stortingsrepresentantar innanfor dei tre regjeringspartia tek avstand frå ei slik utviding av alkoholomsetninga. Kor blir det av intensjonen i den lovgjevinga vi har hatt i landet vårt,— det at ein skal motverke forbruket av alkohol.
Det vil vere interessant å sjå framlegget til ny alkohollov som såleis må kome om framlegg om utviding av alkoholomsetninga vert vedteke.
Eg ser at ein leiar i Sunnmørsposten sluttar med å seie at det er all grunn til å understreke at det også er lov å seie nei til polutsal, eg ventar at Stortinget vil seie det same. Eg har elles vanskar med å tru at regjeringa står samla attom uttalen frå helse- og omsorgsministeren.
Osvald Nordhaug