Vi krev opprydding og dementi

Far vår er i 70 artiklar i Haugesunds Avis (HA) er blitt gjort til syndebukk […]

Far vår er i 70 artiklar i Haugesunds Avis (HA) er blitt gjort til syndebukk i denne tragedien. Dette har skjedd gjennom fleire år, og me gjentek i over 70 artiklar!
Så kan ein gjerne seie at ein mann i ein slik posisjon (som ordførar) må kunne tåle å få litt trøkk i media. Det er vi heilt enig i. Det har vi også lært oss gjennom tiår med ein far i politikken, både nasjonalt og lokalt.
Men er disse artiklane god og balansert journalistikk?
HA-journalistane blei faktisk nominert til den gjeve «Skup-prisen», for særskilt god journalistikk i Rundhovde-saka. Konklusjonen var enkel: Aksel Kloster er ein notorisk kjeltring.
Det er rett og slett berre å applaudera journalistane. I programmet til «Skup»-prisen, stod det å lesa: «Kloster ble satt til veggs i en sak hvor det ble stilt spørsmål om hvor han hadde gjort av pengene til Endre Rundhovde. Kloster gikk av som ordfører i Kvinnherad i fjor».
Vi gjentek igjen: «…hvor har han gjort av pengene til Endre Rundhovde».
Dette syner kor gale det blir når journalistar skapar sine eigne sanningar.
Problemet til HA er at dei har kokt suppe på spekulasjonar – difor vil denne nominasjonen vonleg bera preg av ein liten bismak i avishuset i dag?
Bubestyrar fann ikkje at noko gale vart gjort og saka rann ut i vatn og var ikkje så «hot» lenger i avisa.
Så til nyheita: Som nemd ovanfor – denne saka har vore etterforska til minste detalj, og no kom svaret frå Haugaland og Sunnhordland Politidistrikt; «De undererettes om at for deres vedkommende er forholdet henlagt fordi det ikke er straffbart». Med andre ord vart Aksel Kloster frikjent på alle punkt.
Denne saka vart anka av familien på Rubbestadneset, men er i disse dagar avvist av påtalemakta.
Klarare kan det ikkje bli.
No bør familien på Rubbestadneset slutte å bruke HA til å sverte far vår og andre som er råka av Rundhovde-tragedien. No må dei feie for eiga dør. Når påtalemakta har sagt sitt, så får vi respektere det. Det har vore vår haldning heile vegen.
Journalistane Joar Grindheim og Arne Frøkedal kan vel vanskelig forestille seg kva det vil seie for oss som familie å få usanne påstandar om far vår antyda gong etter gong på denne måten i media. Dei kan berre gøyme seg bak redaktøren og treng ikkje stillast til ansvar for noko. «Ver-varsam» plakaten har vore slengt dit peparen gror.
Ei djup takk til dei andre mediekanalane som hadde is i magen og ikkje heiv seg på denne karusellen. Det syner at norske journalistar har gjennomgåande god dømekraft.
Vi krev difor av redaktøren i HA å få ei oppreising i form av eit omfattande dementi – ikkje ei lita notis. Dette har gitt djupe sår, så me krev at det vert møtt med respekt.

Tore Kloster
Aksel Kloster jr
Johan Kloster
Øystein Kloster
Oddbjørn Kloster