Vidaregåande til meieriet

— Det er nokre siste flokar att enno, men me håpar og trur på eit […]

— Det er nokre siste flokar att enno, men me håpar og trur på eit ja, seier Kallevik.
«Flokene» som må løysast før skulen kan flytta inn i lokalet, er leigeavtalene med dei noverande lokala skulen held til i. Desse avtalane overskrir datoen for skulestart, og dersom dette utgjer for store kostnadar, må skulen leita etter andre alternativ.
— Me er avhengige av godvilje frå folk for at me skal få dette til, men dersom det blir for kostbart innser eg jo at det kan bli vanskeleg. Men eg håpar folk forstår kor viktig dette tiltaket er for å få opp talet på elevar ved skulen, seier Kallevik.
Søknaden ligg no inne hjå kommunen og Arbeidstilsynet.

Under same tak
Etne vidaregåande skule har allereie undervisningsrom fordelt på tre ulike stadar. Auken i elevtalet ved skulen vil krevja meir plass og nye lokale. Men eit fjerde lokale er ikkje føremålstenleg, seier Kallevik, som legg til at skulen ikkje kan venta til kulturhuset kjem i stand.
— Me vil vera ein levedyktig skule, og det er ikkje mogleg dersom me held fram med å halda det slik me har det i dag. Både elevar og lærarar fortener å kunna samlast under eit tak og få oppleva eit sams skulemiljø. Det er viktig for dei å kunne identifisera seg med skulen, seier Kallevik, som på ingen måte er nøgd med dei noverande lokala skulen bruker i undervisninga.
— Det me har i dag er ikkje skulelokale. Det er små grupperom med dårleg inneklima og for liten plass, seier ho.

Framtidsskulen
Kallevik fortel om god søknad til Etne vidaregåande skule, men seier at det er Media- og kommunikasjonslinja som heng etter på søknadane. Skulen har no fått støtte til mykje nytt utstyr som skal brukast på linja, og Kallevik seier at dei vil satsa sterkt på å auka søkjarmengda til desse klassane. For å få dette til er det avgjerande med nye lokale.
— Me er den minste vidaregåande skulen i fylket, og me må spørja oss kva som skal til for at me kan måla oss med andre skular. Då er sjølvsagt eit sams læringsmiljø, gode lokale og moderne utstyr ein føresetnad, seier Kallevik.
— Slik kan me også leva opp til mottoet vårt «Ein skule for framtida», meiner rektoren.
Eigaren av Meieriet, Total Invest, har kome med eit tilbod til Hordaland fylkeskommune om leige av lokale. Fylket har enno ikkje takka ja til tilbodet.