Vikedal med i osteeventyr

Gründaren bak Den Blinde Ku, Inger Skjervold Rosenfeld, var ein av vinnarane under kåringa av […]

Gründaren bak Den Blinde Ku, Inger Skjervold Rosenfeld, var ein av vinnarane under kåringa av noregs beste kvinnebedrift. Som ei av tre kvinner kunne ho reise heim med ein sjekk på 350.000 kroner, pluss pengestønad til satsing både heime og ute. Det var Innovasjon Norge som stod bak prisutdelinga, som fann stad på sjølvaste kvinnedagen 8. mars.
Stor etterspurnad
På spørsmål om denne utmerkinga har noko å seie for Ryfylkemeieriet i Vikedal, svarer Inger S. Rosenfeld eit ubetinga ja.
— Telefonen har ikkje stått stille etterpå. Alle vil prøve osten. Det er verkeleg stor etterspurnad om dagen. Dei tre kjedene, Ica, Coop og Norgesgruppen vil ha osten, og eg ventar berre på tilbakemeldingar frå dei. Det vil då bli snakk om sal frå betente ostediskar, fortel ho.
Går alt dette i orden, ser ho for seg ei mangedobling av produksjonen, men kor stor etterspurnaden blir, må dei i første omgang berre gjette seg til.
— Vi får produsere for lager så lengje, seier ho.
Utvidar i Vikedal
I dag er det fire tilsette ved Ryfylkemeieriet i Vikedal. Men Inger S. Rosenfeld trur heilt sikkert det vil bli behov for fleire utover våren. Korleis desse skal rekrutterast, er det for tidleg å seie. Men at oppkjøpet av Ryfylkemeieriet i Vikedal har hatt mykje å seie for utviklinga for Den Blinde Ku, legg ho ikkje skjul på.
Og det blir mange turar frå Ås til Vikedal gjennom året for den driftige osteprodusenten.
USA
Sjølv står Inger S. Rosenfeld på farten til USA når Grannar får ein prat med henne torsdag. Der skal ho møte ein ny distributør, og denne gongen gjeld det ikkje noko mindre enn sal over heile Nord-Amerika.
— Det er fem sortar ost som kan vere aktuelle, og fire blir produserte i Vikedal, fortel ho.
Det at ho går ei spennande tid i møtet, nektar ho ikkje for, og når ho er tilbake i Vikedal i slutten av april, kan ho kanskje fortelje meir om osteeventyret sitt.

Den Blinde Ku
Det Inger Skjervold Rosenfeld har fått til, blir kalla eit eventyr. Ho starta bedrifta Den Blinde Ku på Ås i 1998. For to år sidan kjøpte ho opp Ryfylkemeieriet i Vikedal, og det er etter den tid det verkeleg har tatt av for den dyktige gründaren. Den Blinde Ku omsette i fjor for seks millionar kroner, og har i dag 14 tilsette. I 2005 er det budsjettert med ein omsetnad på 19 millionar kroner. I mai skal dei største matvarekjedene selje ost frå Den Blinde Ku frå 600 ostediskar landet over. Inger S. Rosenfeldt er i desse dagar i USA for å lansere osten sin i heile Nord-Amerika. Utover våren reknar ho med å auke talet på tilsette ved meieriet i Vikedal.
Mjølka ho bruker til osteproduksjonen tek ho frå Tine.