Viking blei for sterke

Det regna gjennom nesten heile kampen på Etne stadion laurdag då Etne sine gutar 15 […]

Det regna gjennom nesten heile kampen på Etne stadion laurdag då Etne sine gutar 15 møtte Viking gutar 15 i eliteserien.
Etne, som var nyopprykka i år, visste at dette ville bli ein tøff kamp. Viking har berre gått på to tap denne sesongen, mens dei sjølve berre har to sigrar.
Men dei gjekk på med stor iver heilt frå start. Første omgang var nokså jamn, ingen av laga var betre enn det andre. Viking sitt mål gav Etne litt meir driv, og det gjekk ikkje lang tid før Oddvar Tendal reduserte for heimelaget. Resten av omgangen kjempa laga mykje på midtbanen utan dei heilt store sjansane, og då laga gjekk til pause såg det ut til at kampen kunne gå begge vegar.

Viking tok over
Då laga kom på banen etter pause, var det som om Etne hadde mista alt initiativ. Den store driven som dei viste i fyrste omgang, var borte og Viking tok meir og meir over kampen. Det andre målet til Viking gjorde at Etne gav enda meir opp. Dette såg Viking, som på si side tok i litt ekstra og klarte å lage enda eit mål. Viking trudde nok at dette skulle bli ein målrik andre omgang, men godt forsvar hos Etne hindra fleire baklengsmål.

I det gode selskap
Trenar Vidar Aastvedt er svært stolt over gutane, som har fått bryna seg mot dei store denne sesongen.
— Me trenar berre tre gongar i veka, mens mange av dei laga me møter trenar kvar dag. Men me har fåtte vore med i det gode selskap og det har vore lærerikt, seier Aastvedt.
— Alle som har tatt poeng mot oss har lagt igjen masse sveitte og gutane har hatt det kjempegøy.
Etne-gutane ligg tredje sist på tabellen når det står igjen ein kamp å spela denne sesongen. Neste vår må dei ut i kvalifisering for framleis å få vera med i eliteserien.