I dag er Kvinnedagen meir ein markeringsdag enn ein kampdag, men det er framleis ikkje uvanleg at både kvinner og menn går i tog under parolar om solidaritet, sosial velferd og økonomisk likestilling. I Noreg er kampen om likelønn spesielt viktig. I dag tener kvinner i gjennomsnitt 90% av det menn gjer, og i kvinnedominerte yrkesgrupper med høgskuleutdanning, er situasjonen endå verre. Om utviklinga held fram i same tempo, vil det ta nesten 100 år før me oppnår likelønn her i landet.
Lite kunnskap
Grannar tok ein runde lokalt for å høyra kva folk meiner om Kvinnedagen. Dei fleste me spurde var ikkje heilt sikre på kvifor me markerer dagen, men meinte det var for å gi kvinna ein spesiell dag til å kjempe for likestilling.
Stig Toadalen og Lasse H. Åsbø synest det er viktig at kvinner er likestilte med menn. Ei sak dei synest er spesielt teit er at jenter ikkje har same moglegheit som gutar innanfor skihopp; at dei ikkje får vera med i OL eller hoppa i dei same bakkane.
Sirianne Vikedal og Kari H. Andreassen synest det er nødvendig med likestilling innanfor skulegang og løn, og meiner at bakgrunnen til Kvinnedagen er viktig for markeringa.
Isak Gundersen understrekar at det viktigaste er at kvinner i heile verda har det bra, uansett.
Kvifor markera?
Nokon av dei viktigaste grunnane til å markera Kvinnedagen i Noreg er at kvinners inntekt er lågare enn menns, kvinner opplever oftare å bli forbigått ved forfremjingar og tilsetjing enn menn, fleire kvinner enn menn jobbar ufrivillig deltid eller går i vikariat eller mellombels stillingar og fordi fleire av omstillingane i arbeidslivet og regelverket, som blant anna regulerer arbeidsforhold og pensjon dei siste åra, får spesielt negativ innverknad for kvinner. Desse sakane er ille nok, men berre småting i forhold til korleis det er i mange andre land. På Kvinnedagen skal kvinnene vera i fokus og kvinnene sine rettar skal bli framheva. Dette er ein dag for å kjempa for likestilling, og for å vera stolte over det å vera kvinne.