Å stenge eit symjebasseng er svært negativt med tanke på at mange unge i dag ikkje kan symja og treng symjeopplæringa. Skulane er også pålagt å gje slik opplæring.
Vindafjord har også basseng i Vindafjordhallen, men det er ikkje godt nok at alle skuleelevane i kommunen må dit for å få opplæringa dei har krav på. Med berre eit basseng ope vil presset bli stort og tilbodet redusert.
Å gje ei fullgod symjeopplæring er altså skulane sitt ansvar, men korleis skal dei kunne klara å ta det ansvaret dersom det ikkje er vatn i symjebassenga. Dette er noko fleire kommunar enn Vindafjord må ta innover seg, og det er kommunane sitt ansvar å syta for at elevane får god nok opplæring.
Tal viser at rundt halvparten av norske tiåringar ikkje kan symja 200 meter. Dette er svært alvorlege tal. Symjing er ikkje noko ein kan tørrtrena på, det må lærast i det rette elementet.
Dei fleste i vårt nærområde bur og er i nærleiken av sjø eller vatn kvar einaste dag. Me kan ikkje unngå det. Difor er det ekstra viktig at ein lærer seg å symja tidlig slik at ein kan klara seg dersom ein er uheldig.
At me bur så nær vatn er samstundes også ei fordel med tanke på symjetrening. Her har mange ein god sjanse til å læra seg dette ved hjelp av foreldre eller andre på badestranda om sommaren utan å vera avhengige av basseng. Men me treng opne basseng likevel.
Og det er ikkje berre barn og unge i Noreg som har vanskar med å symje 200 meter eller meir. Også mange vaksne slit. At svært mange døyr på grunn av drukningsulykker kvart år er med på å understreka behovet for god nok opplæring. Dersom fleire kan symja, vil det også medverka til at fleire vil ha sjansen til å overleva når ulykka er ute.