Satsinga er både rett og viktig sjølv om ikkje kommunen fløymer over med pengar. Regjeringa si tilrettelegging for barnehageutbygging gjer satsinga mogeleg, og for Vindafjord sin del er dette heilt avgjerande.
Like før jul sa kommunen nei til at private skulle overta barnehagedrifta. Dette for å sikra at kommunen ikkje berre blir sitjande igjen med dei små barnehagane i kommunen. Framleis står det att å få på plass den endelege kostnadsramma for utbygginga. Og så lenge politikarane har sagt at dei vil at barnehagane skal vera kommunale også i framtida, må dei få dette på plass så snart som råd for å sikra at utbyggingane vert ferdige i løpet av 2007.
I dag er det kø for å få barnehageplass i Vindafjord kommunen. Barnehageplass til alle som ønskjer det er viktig dersom kommunen skal vera attraktiv for eksisterande innbyggjarar og nytilflyttarar. Men barnehageplass er mykje meir enn det.
For ungar er det utan tvil positivt å få gå i ein barnehage. I barnehagane får dei minste utvikla seg saman med andre born, og dei vert stimulerte på ein god måte i ein viktig fase av livet. Å gå i ein barnehage vert altså eit viktig tilskot til den ballasten ungane får med seg frå heimen.
Utbygginga som no står på trappa i Vindafjord vil ikkje berre gje fleire barnehageplassar, men det vil ikkje minst også sikra at fleire born i alderen 0-3 år kan få ein barnehageplass. Dette vil føra til at det vert enklare for foreldre å vera aktive i arbeidslivet sjølv med små born. Maksprisen på barnehageplassar gjer også truleg at fleire har råd til å ha born i barnehagen.
Barnehageutbygginga i Vindafjord vil også syta for at lokala der både born og vaksne skal trivast, vert meir moderne enn i dag. Behova og krava er noko anna no enn dei var då barnehagane vart bygde. Også det er viktige grunnar til at barnehageutbygginga må starta så raskt som mogeleg.