Vil avhjelpe barnehagekø

Politikarane i Vindafjord hadde saka oppe på kommunestyremøtet tysdag. Ordførar Reidar Håvås (Ap) peika på […]

Politikarane i Vindafjord hadde saka oppe på kommunestyremøtet tysdag. Ordførar Reidar Håvås (Ap) peika på ein fortvila situasjon for mange foreldre i dei to bygdene. Han fekk ein samrøysta sal med seg på å utgreie behova og moglegheitene for å opprette mellombelse avdelingar i Skjold og Vikedal frå hausten. Intensjonen er at rådmannen skal leggje utgreiinga fram på neste kommunestyremøte i mai.
— Kommunen taper ikkje noko på å drifte slike mellombelse avdelingar, på grunn av at tilskottet er så stort no. I tillegg kjem foreldrebetalinga, meinte ordføraren.
I følgje barnehageleiar i Vindafjord, Liv Herborg Wold, dukkar det opp toppar i kulla med jamne mellomrom. Desse greier ikkje den normale barnehagekapasiteten å ta unna. Ein sånn topp ser me no i Skjold. Der er det for første gong venteliste på småbarnsavdelinga, samstundes som uvanleg få går ut av barnehagen for å byrje på skulen. Det er totalt tolv ungar under tre år på venteliste i Skjold. På avdelinga for dei eldre ungane er det fem på venteliste i Skjold.
— Eg trur det skal ha ordna seg for dei store til første august, kommenterer Wold.
I Vikedal er situasjonen også pressa.
— Der er tysdagen og torsdagen veldig fulle, med mellom 10 og 15 på venteliste, fortel barnehageleiaren, og legg til at det er litt venteliste også andre dagar.
Det er tydeleg at dersom det hadde vore ein småbarnsavdeling i Vikedal, hadde ventelistene vore ungått. Det er nemleg dei yngste som ventar.
Når det gjeld dei andre bygdene i Vindafjord, held kapasiteten i barnehagane mål. I Sandeid er det fullt, medan det er noko ledig i Vats og Imsland.
— Så viss nokon i Vikedal vil køyre innover, så er det mogleg, kommenterer Wold.
Ho fortel også om ledige plassar i den private barnehagen Nausthaugen i Åmsosen.