Vil bli gammal med pasientane

Kari Aakra kari.aakra@grannar Etter seks og eit halvt år som distriktstannelge, har tyske Marco Pohl  […]

Kari Aakra
kari.aakra@grannar

Etter seks og eit halvt år som distriktstannelge, har tyske Marco Pohl  nå starta FjordDent-klinikken sin i ROBO-bygget i Etne sentrum. Og sjølv om ikkje alle pasientlistene er fylte enno, er førespurnadane mange, og han tykkjer det er ei lette å kunna seia ja fleire.
— Det har ikkje vore kjekt å seia nei til pasientar som har runda tjue år, når eg har blitt kjend med dei og vore tannlegen deira sidan dei var fjorten, seier Pohl.

Tok sjansen
— Ofte vil tannlegar ønskja ei hovudgruppe pasientar som er ti år eldre eller yngre enn hans eigen alder. Slik kan han følgja med dei gjennom mange år, og sjølv følgja opp eige arbeid. Nå kan eg bli gammal med pasientane mine, seier Pohl.
Tanken på privatpraksis hadde ikkje vore ukjend for Pohl tidlegare, og då han fekk tilbod om den nye lokaliteten, kunne han ikkje takka nei, trass i at han meiner det er ein viss risiko i privat oppstart og investeringa som følgjer med. For det er ikkje småpengar som skal til for å driva privatpraksis.
— Ein behandlingsstol kostar over ein halv million, og berre den digitale delen av røntgenapparatet kosta omlag 120.000. Men eg er ikkje blåaugd og ser risikoen i eit slikt prosjekt. Og med tanke på pasientane mine, og utviklinga i distriktet, tykte eg det var på tida å gripa moglegheita, seier Pohl.
Han ser heller ikkje bort i frå at det kan bli utviding av praksisen i framtida, og spesialisering på estetisk tannpleie.
— Det eksisterer jo ein konkurranse mellom dei privatpraktiserande i kommunen, men eg starta ikkje opp for å utkonkurrera nokon. Men det er mellom anna usikkert kva som vil skje med tannklinikken i Skånevik på lengre sikt. Dessutan kan eg nå ta i mot kundar som ikkje har fått plass på andre pasientlister. Og denne konkurransen er likevel naudsynt for å driva heilskapleg tannmedisin, seier Pohl.  
Han meiner det kan styrka distriktet med eit utvida tilbod, også for dei som har tannlege utanom kommunen.
— Mange har tannlege der dei arbeider, anten i Vindafjord eller Haugesund. Eg trur det vil vera viktig for mange å ha eit tannlegetilbod der dei bur, også for seg sjølv, ikkje berre for borna.

Tviler på distriktsstilling
Det er enno ingen som har fylt plassen etter Pohl som distriktstannlegen, og han tvilar på at det kjem til å skje. Både den nåverande tannlegedekninga og rekrutteringsproblemet kan stå i vegen for ein ny distriktstannlege i full stilling, då tilgangen på tannlegeressursar er vanskeleg. Både frå inn- og utland.
— Eg var med i det andre kullet som kom til Noreg etter at ein byrja rekruttera tannlegar frå Tyskland, og eg veit det er ein vanskeleg og lang prosess. Mange av dei er nyutdanna, og må i tillegg setja seg inn i det norske systemet, språket og vera sjølvstendige utan ein kirurg i nærleiken dersom det er behov i særskilte situasjonar, fortel Pohl.
Han er open for å ta i mot pasientar som har rett på eit tilbod frå fylket. Han fryktar at små stillingar på det offentlege kontoret kan få negative følgjer.
— Tenk deg at ein deltidstannlege undersøkjer 25-50 skuleborn, og hundre prosent av desse har hol. Det vil ganske raskt hopa seg opp, og blokkera for andre pasientar, seier Pohl.