Vil få fart på traktorpulling

I fjor var Jæren Tractor Pulling Klubb (JTPK) på Etnemarknaden for å visa fram sporten […]

I fjor var Jæren Tractor Pulling Klubb (JTPK) på Etnemarknaden for å visa fram sporten sin. I år er håpet at lokale krefter kan overta. Difor kjem jærklubben til Etne søndag 18. juni for å halda eit informasjonsmøte, og prøva å dra i gang eit lokallag.
— Me ser positivt på det viss ein klarer å stabla på beina ein klubb med hjelp frå oss. Det verka til å vera god interesse då me var der i fjor, seier Kristian Vinningland, leiar i Jæren Tractor Pulling Klubb (JTPK), som nå håper å finna den sterkaste traktoren i Etne.

Belastningsvogn
Traktorpulling blir utført på ein 100 meter lang bane ved at ein koplar traktoren sin til ei belastningsvogn.
— Den blir tyngre å dra dess lengre fram ein drar, og det gjeld å komma lengst på banen, seier Vinningland.
Den som klarer 100 meter, går vidare til finalen. Då blir det lasta oppi meir tyngd i belastningsvogna. Den veg i utgangspunktet 14 tonn, men ein har høve til å hiva på ti tonn.
Traktorpulling starta opp i USA rundt 1950-talet med hestar. Sporten kom til Noreg rundt 1985, og aktiviteten er størst på Jæren med rundt 100 medlemmer.
— Toppen med publikum var 4.500, men det normale er rundt 2.000, seier Vinningland.

Store krefter
Deltakarane stiller opp med vanlege traktorar, men dei ivrigaste bygger også eigne traktorar.
— Det er der ein vanlegvis finn dei sterkaste hestekreftene. Det er ikkje sjeldan at ein kjem oppi 10.000 hestekrefter på ein doning til fire-fem tonn, seier Vinningland.
I dag må jærbuane reisa til Austlandet og Trøndelag for å konkurrera. Eit lokallag i Etne hadde difor korta ned reisetida.
— Me er vant med å reisa 70-80 mil for å komma på konkurranse, men det hadde vore mykje lettare å reisa til Etne enn til Austlandet, seier Vinningland.