Førehandsbompengar er ikkje ukjent på ferjestrekningane i Kvinnherad, opplyser rådmann Trond Sætereng. Det har blitt kravd inn førehandsbompengar på ferjene både i Halsnøysambandet og i Hardangerfjordsambandet. Politikarene har i utgangspunktet akseptert at førehandsbompengar har vore ein nødvendig del av finansieringa av større vegprosjekt, men dei har ikkje konkret diskutert bompengar på Skånevikfjorden.
Få etnebuar møtte fram til orienteringsmøtet i Skånevik for ein månad sidan, og ordførar Amund Enge tok difor til å orde til å presentera prosjektet også på Etne-sida av det planlagde holet gjennom fjellet.
Dei 34 som møtte fram, var positive og engasjerte, og dei stilte mange spørsmål og kasta fram mange tankar for interimgruppa.
Veg over fjellet
Asbjørn Opedal lurte på om gruppa hadde vurdert å byggja ein ny og moderne veg rett over fjellet, som eit alternativ til tunnel.
— Prisen blir den same. Det blir to minutt lengre kvar veg, ved 60 km/t. Det vil ta sju minutt, mot fem minutt gjennom tunnel, sa Opedal.
Ein viktig grunn til at han lanserte moderne veg over fjellet som eit alternativ, var at det ville gje etnebuen og skåneviksbuen lett tilgang til fjellet.
Opdal poengterte at han ikkje er motstandar av tunnel, men at ein moderne veg direkte over fjellet vil bli noko heilt anna enn «krøtterstigen» over Håland.
Panelet gav uttrykk for at dette ikkje var vurdert. Kristoffer Vannes gav uttrykk for den mest pragmatiske haldninga. Det viktigaste var å kunna koma seg raskt mellom Etne og Skånevik. Om det tok fem minutt gjennom tunnel eller sju minutt slik Opedal skisserte det, var mindre viktig.
Frå salen kom det også spørsmål om ein hadde vurdert ein tunnel frå Skånevik til Nordheimstranda, slik at vegen austover og til den nye Saudavegen blei kortare frå Skåneviksida. Dette var det ikkje noka stemning for, fordi ein større del av trafikken frå Skånevik går til Etnesjøen og vestover, enn det som går austover.
Skånevik kan ikkje venta
Tunnelen Etne-Skånevik ligg ikkje inne med pengar på vegplanane før 2025. Fleire i interimgruppa gav uttrykk for at Skånevik-samfunnet ikkje kunne tola å venta så lenge.
— Det er ei kjempestor utfordring dersom folketalet i Skånevik går endå meir ned, understreka ordførar Amund Enge.
— Me får støtt rapportar frå bedriftene, som slit med å få tak i fagfolk, tilføydde Carlsen jr..
Kristoffer Vannes poengterte at inntektsreguleringa i staten betyr at kommunen mister ca. 30.000 kroner for kvar innbyggjar som flytter ut. Ved å multiplisera opp 30.000 kroner årleg med folkenedgangen i Skånevik, blir det fort store tal på kommunebudsjettet. Ved å byggja tunnel og dermed leggja til rette for at folk lettare kan arbeidspendla til og frå Skånevik, vil kommunen kunna halda på desse skatteinntektene, også i framtida.
— Me treng ein halv million kroner for å utarbeida eit prosjekt for tunnelen. Me er avhengige av å få inn midlar. På ein eller annan måte må me opna for private investeringar. Den største feilen me kan gjera, er å gjera prosjektet for lokalt, åtvara Vannes, som i likskap med Victor Carlsen jr. ville trekkja på heile aksen frå Bergen via indre Sunnhordland mot Sauda og indre Ryfylke.
Neste post på programmet er eit møte med formannskapet i Sauda onsdag.