Vil ha foreldra på banen

Samarbeidsgruppa vart etablert i fjor haust. Eit konkret ungdomsmiljø som gjekk på tvers av kommunegrensa […]

Samarbeidsgruppa vart etablert i fjor haust. Eit konkret ungdomsmiljø som gjekk på tvers av kommunegrensa gjorde at gruppa starta opp. Undervegs har dei trekt inn fleire nøkkelpersonar, og dei ser meir generelt på trugsmål og utfordringar i ungdomsmiljøa i det som snart vert ein kommune.
— Hærverk og vald på skulane er eit aukande problem. Me må ta det på alvor, seier Elisabeth K. Nesheim, som er leiande helsesøster i Vindafjord og Ølen.
— Førebyggjande arbeid på skulen er med og skaper skulen. Eg må understreka at det berre er eit fåtal av elevane som steller i stand vanskar, seier Tor Kalleklev, som er rektor ved Ølen skule.
— Nå i haust satsar me først og fremst på foreldremøta for 8.klassingane, forklarer oppvekstinspektør i Vindafjord, Per Ivar Ertresvåg.
Foreldrekontrakt
Etter modell frå Haugesund, foreslår samarbeidsgruppa at foreldra til elevar i ein ungdomsskuleklasse inngår ein kontrakt seg imellom, der dei forpliktar seg til at born under 18 år ikkje får drikka alkohol eller bruka rusmiddel i heimen. Foreldra skal også informera einannan dersom dei ser at avkommet rusar seg eller gjer «dumme» ting på fritida.
— Me håpar å kunna starta ein dialog med foreldra, seier Atle Aas, som arbeider som barnevernsleiar i Ølen.
Han kunne mellom anna tenkja seg å trekkja fleire ungdomsskuleforeldre inn i natteramnordninga, som han har høyrt omtalt som «landets største vaksenopplæring».
— Det har vore litt tilfeldig kven som har vore med som natteramnar. Me vil gjerne få inn foreldra til åttandeklassingane som natteramnar, poengterer politibetjent Terje Aarekol.
Når ein tenkjer eit par år fram i tid, er målsettinga å trekkja foreldra til niande- og tiandeklassingane inn, både som natteramnar og med foreldrekontraktar.
— Ja, det er viktig med kjende ansikt blant natteramnane, stadfestar Nesheim, som smilande viser til skuleelevar som har vorte edru på ein augneblink når dei har kjent att helsesøstera ein sein kveldstime.