— Viss dagens kjøkken blir lagde ned, har me to store og gode kjøkken ståande. Med litt ombygningar og fantasifulle løysingar kan me laga det om til sous vide-kjøkken, seier ordførar Amund Enge.
Sous vide inneber vakuumpakka mat.
— Det er sagt at det kostar 1 million i ombygning og utstyr viss ein lagar sous vide-kjøkken utifrå eitt av dei kommunale kjøkkena, seier Enge.
Torsdag skreiv Grannar at dei to kjøkkena ved omsorgssentra i Etne og Skånevik blir foreslått lagde ned i omorganiseringsprosessen innan pleie og omsorg. Innsparingane er kalkulert til 1,2 millionar kroner. Innkjøp av ferdigmat frå Bergen blir vurdert, men ordføraren vil at maten skal produserast i bygda.
— Det er uaktuelt å få mat frå Bergen. Me skal klara å laga eit produksjonskjøkken sjølv i Etne. Dette handlar også om arbeidsplassar, seier Enge.
Nabokommunar
— Det kan henda at nokon kan tenka seg å starta ei slik privat bedrift eller utvida bedrifta si til eit ekstra bein å stå på. Det kan også tenkast at kommunen lagar ei bedrift ut av det, seier Enge.
Ein konsulent er nå hyrt inn for å gi svar på om det er mogleg og korleis ein kan etablera eit produksjonskjøkken i Etne.
Ordføraren ser gjerne at eit kjøkken i Etne også kan levera mat til andre kommunar.
— Det er ikkje heilt om å gjera, men viss me kan få ei bedrift som sel til andre kommunar kan me gjerne gjera det rimelegare og tena meir pengar, seier Enge. Samtidig meiner han at Etne må læra av til dømes Bergen sine erfaringar.
— Ikkje forsøket verdt
Også gruppeleiar i Høgre, Lars L. Markhus, viser til Bergen.
— Andre som har prøvd det, til dømes Bergen, går tilbake på det og nå bruker dei millionar på å oppretta kjøkken dei tidlegare la ned. Det er ikkje forsøket verdt ein gong. Me må halda på den gamle metoden, fastslår Markhus.
Gruppeleiar i Frp, Audun Namtvedt, er også skeptisk.
— Når ein kjøper mat frå andre stader gjer ein seg sårbar for transport. Det har også med miljøet å gjera. Ein gler seg jo til julemiddagen frå ein set på pinnekjøttet om formiddagen, seier Namtvedt.
Han er også tvilande til om eit produksjonskjøkken kan forsvarast.
— Det vil kosta pengar å oppretta. Kor lang avskrivingstid skal det ha og kor finn ein pengar til det? spør Namtvedt.
Gruppeleiar i KrF, Arnold Solheim, meiner eit felleskjøkken for Etne og Skånevik må diskuterast, men er kritisk til ferdigmat.
— Det er ikkje verre å få maten frå Bergen enn Vindafjord, men det er sjølve prinsippet med nedfryst mat som må diskuterast, seier Solheim.
Varaordførar og gruppeleiar i Ap, Siri Klokkerstuen, seier ho er nøgd med at styringsgruppa har funne løysingar og at forslaget sikrar meir pleie.
Saka skal behandlast i Komité Folk onsdag og 21. februar skal kommunestyret seie sitt.