Vil inn på turistkartet

Vindafjord Reiselivslag har reorganisert seg, og fått med representantar frå reiselivsnæringa i tidlegare Ølen kommune. […]

Vindafjord Reiselivslag har reorganisert seg, og fått med representantar frå reiselivsnæringa i tidlegare Ølen kommune. Det skjedde ved at Dominikus Bjordal frå Vikebygd og Terje Digernes frå Vaka blei valde inn i styret på årsmøtet tysdag kveld.
Ei viktig oppgåve for reiselivslaget i månadene framover, blir å sørgja for at Vindafjord kommune kjem med i Destinasjon Haugalandet.
— Kommunen må vera medlem for at reiselivslaget skal kunna vera representert i styret, forklarer leiar Oddvar Haugland, som held fram som leiar.

Destinasjon Haugalandet
Både Vindafjord og Ølen var medlem i Destinasjon Haugalandet tidlegare, men Ølen kommune trekte seg ut. Det førte til at kommunen ikkje blei presentert i turistbrosjyrane, og at medlemsbedriftene i Ølen kom i ein vanskeleg situasjon.
Det kan bli avklart til sommaren om den nye kommunen går med i Destinasjon Haugalandet, forklarer Haugland. Utval Utvikling, som er leia av Åsmund Kalstveit, skal greia ut saka.
Nett difor synest han det var nyttig at Kalstveit tok imot invitasjonen, og var med på rundebordsdebatten etter årsmøtet.
— Eg meiner absolutt at Vindafjord må vera med i Destinasjon Haugalandet. Eg minnest det kartet der Ølen ikkje var med. Det måtte vera forsmedeleg for dei. Sjølv om det er blitt dyrt å vera med, så får me heller stå på og krevja at dei gjer meir for indre Haugalandet, meiner Kalstveit.
Sivert Ole Holten heldt ein skikkeleg pep-talk for dei elleve frammøtte, der han bad reiselivsaktørane i Vindafjord om å støtta einannan.
— Me må reisa innover, ikkje berre utover. Det er kort til Haugesund, men det er langt til Imsland. Den kjenner me til. Me må vera bevisste på å gå til dei andre bygdene for å støtta opp under det dei gjer, oppmoda Holten.
I debatten etterpå kom det fram at dei frammøtte er samde om at ei betre skilting langs vegane er viktig, sjølv om det ikkje alltid er like enkelt å få til overfor vegstyresmaktene. Dette, og ein skikkeleg presentasjon på internett, var to konkrete saker alle var samde om at ein bør prøva å gjera noko med. I tillegg til å få kommunestyret til å tenna på og vera med i Destinasjon Haugalandet, som leiaren uttrykte det under oppsummeringa.
I styret sit Oddvar Haugland (leiar), Anne Lise Sjurseike (nestleiar), Kristin Staknes, Dominikus Bjordal (ny) og Terje Digernes (ny).