— Me skal i løpet av kort tid lyse ut anbod på prosjektet på Madsgård. Det tek ofte nokre månadar før alt er på plass, men me reknar med å vere klar til oppstart i september ein gong, seier prosjektleiar i Statens Vegvesen, Knut Utåker. Dermed er det lys i tunnelen for turgåarar i Etne, som lenge har ettersøkt ein gang og sykkelsti på denne trafikkerte vegbiten. — Det er klart me er glade, men det var på høg tid må me nesten få lov å sei. Det er ein veldig trafikkert og skummel vegbit, seier Elen Merethe Hetleflåt Ramsvik. Resten av turgjengen er heilt einige. Dette er noko som burde biption> Destinasjon Haugalandet Både Vindafjord og Ølen var medlem i Destinasjon Haugalandet tidlegare, men Ølen kommune trekte seg ut. Det førte til at kommunen ikkje blei presentert i turistbrosjyrane, og at medlemsbedriftene i Ølen kom i ein vanskeleg situasjon. Det kan bli avklart til sommaren om den nye kommunen går med i Destinasjon Haugalandet, forklarer Haugland. Utval Utvikling, som er leia av Åsmund Kalstveit, skal greia ut saka. Nett difor synest han det var nyttig at Kalstveit tok imot invitasjonen, og var med på rundebordsdebatten etter årsmøtet. — Eg meiner absolutt at Vindafjord må vera med i Destinasjon Haugalandet. Eg minnest det kartet der Ølen ikkje var med. Det måtte vera forsmedeleg for dei. Sjølv om det er blitt dyrt å vera med, så får me heller stå på og krevja at dei gjer meir for indre Haugalandet, meiner Kalstveit. Sivert Ole Holten heldt ein skikkeleg pep-talk for dei elleve frammøtte, der han bad reiselivsaktørane i Vindafjord om å støtta einannan. — Me må reisa innover, ikkje berre utover. Det er kort til Haugesund, men det er langt til Imsland. Den kjenner me til. Me må vera bevisste på å gå til dei andre bygdene for å støtta opp under det dei gjer, oppmoda Holten. I debatten etterpå kom det fram at dei frammøtte er samde om at ei betre skilting langs vegane er viktig, sjølv om det ikkje alltid er like enkelt å få til overfor vegstyresmaktene. Dette, og ein skikkeleg presentasjon på internett, var to konkrete saker alle var samde om at ein bør prøva å gjera noko med. I tillegg til å få kommunestyret til å tenna på og vera med i Destinasjon Haugalandet, som leiaren uttrykte det under oppsummeringa. I styret sit Oddvar Haugland (leiar), Anne Lise Sjurseike (nestleiar), Kristin Staknes, Dominikus Bjordal (ny) og Terje Digernes (ny).