Haugaland Kraft samarbeider med Fred. Olsen Renewables om planar om å byggja ut to store område i Sandeid og Ølmedal til vindmøllepark. Om nokre år kan vindmølleparkane verta ein realitet. Det er planlagt å setja opp 90 kjempestore vindmøller, som kan gi straum til halve Haugalandet. I dag leverer Haugaland Kraft 1300 GWh per år, og vindmøllene vil kunna gi ein årsproduksjon på heile 700 GWh. Etter vindmåling er områda i Sandeid og Ølmedal plukka ut som dei best eigna. På Døldarheia, som ligg 735 meter over havet på fjellet mellom Sandeid og Vats, er det planlagt 30 til 40 vindmøller. I heia ovanfor Ølmedalsvatnet er det planlagd utbygging av eit elleve kvadratkilometerstort område som skal ha mellom 40 og 50 vindmøller. Økonomisk vil dette totalt komma på mellom ein og to milliardar kroner.
— Det er ein lang prosess og store investeringar, men det ligg mykje positivt kring dette prosjektet, seier varaordførar Reidar Håvås.
Positiv til prosjektet
I følgje Haugesunds Avis fekk formannskapet i Vindafjord kommune før siste møtet før ferien i juni melding om å møta opp eit kvarter før tillyst møtestart. Før møtet vart planane om vindkraftutbygginga i kommunen presenterte for politikarane.
— Eg trur dei fleste stilte seg positivt til planane. Men me har jo ikkje fått noko som helst dokument og utgreiingar om prosjektet, seier Reidar Håvås. Om prosjektet vert ein realitet, trur Håvås det vil få fleire positive innverknader. Dei planlagde utbyggingane vil gi vegnett opp til områda, og det kan verta ein attraksjon for kommunen å få vindmølleparkar.
For at prosjektet skal verta ein realitet, må i tillegg til kommunen, Norges vassdrags- og energidirektorat godkjenne vindkraftplanane. Til nå har 23 anlegg fått konsesjon til drift, og i dag er 13 vindmølleanlegg i drift i Noreg.
Det er viktig for kommunen å vera ein energiprodusent. Om dette prosjektet vert ein realitet, ser eg på det som veldig positivt for kommunen å kunna produsera såpass mykje vindmøllekraft, seier Håvås.
Vil investera milliardar i vindkraft
Haugaland Kraft samarbeider med Fred. Olsen Renewables om planar om å byggja ut to store […]