Vil kvitte seg med rådmenn

Gerd Ingunn Opdal i Vindafjord og rådmann Arild Karlsen i Ølen har begge avtalar om […]

Gerd Ingunn Opdal i Vindafjord og rådmann Arild Karlsen i Ølen har begge avtalar om å fungere som rådmenn ut 2005. Prosjektleiar Helge Thorheim i nye Vindafjord tar deretter over som rådmann for den samanslåtte kommunen.
Det er difor eit ganske kontroversielt forslag når fylkesmann Tora Aasland oppmodar dei to kommunane om at prosjektleiar Helge Thorheim tar over som rådmann i dei to kommunane så raskt som mogleg.
Varm potet
Forslaget er ei varm potet få vil ta i. Verken Opdal eller Karlsen vil kommentere om det er aktuelt å tre ut av stillingane før avtalane deira er utløpt.
— Det vil eg ikkje svare på. Dette er ei sak for ordføraren som er min arbeidsgjevar, seier Gerd Ingunn Opdal.
Ordførar Arne Bergsvåg vil ikkje kommentere utspelet frå fylkesmannen, og viser til at dei to kommunane må finne løysingar på overgangen til full samanslåing.
Ordførar Reidar Håvås ser derimot ikkje forslaget til fylkesmannen som ei aktuell løysing på korleis dei to kommunane skal overføre kontrollen til nye Vindafjord før samanslåinga er eit faktum.
— Fylkesmannen har ikkje svara på dei spørsmåla vi reiste. Eg ser hennar løysing som ganske uaktuell. Fellesnemnda har sagt noko om korleis vi skal gå fram og ti månader er for kort tid igjen til å velje ei slik løysing, seier Håvås.
Ansvar for publikum
Det er eit utspel frå fellesnemnda og prosjektleiar Helge Thorheim som har skapt striden om kven som skal ha ansvar for kva. Dei ville at Ølen og Vindafjord skulle gi Thorheim ansvaret for tilsetting av ledige stillingar i dei to kommunane. Det skulle gi Thorheim høve til å dra inn stillingar for å spare pengar.
Når så rådmann Gerd Ingunn Opdal laga sak om dette, stilte ho ei rekkje spørsmål ved ei slik ansvarsfordeling og tilrådde å avslå ønsket frå Thorheim. Innvendingane går på at prosjektleiaren dermed rår over personellressursane, medan dagens rådmenn har ansvar for tenestene utan å styre over talet på tilsette.
Det skaper spesielle utfordringar for lovpålagde tenester og klagesaker. Rådmennene finn det vanskeleg å sitje med ansvaret overfor oppdragsgjevaren sin i dei respektive kommunestyra, samstundes som dei ikkje har full kontroll over dei tenestene kommunen skal yte. Rådmennene meiner difor at dersom ansvaret for personalressursen blir overført til prosjektet nye Vindafjord, så må også ansvaret for tenestene følgje med.
Markerte revir
Dei to rådmennene har lagt fram likelydande innstillingar til politikarane i dei to kommunane. Kommunestyret i Vindafjord var delt på midten, men støtta rådmann Opdal si vurdering. I Ølen vart saka i første omgang utsett for å vente på fylkesmannen si vurdering.
Ordførar Reidar Håvås sa ja i fellesnemnda for dei to kommunane, men nei i sitt eige kommunestyre til å overføre styring. Han meiner det er uproblematisk.
— Vi tenkte ikkje over desse problema som vi må ta omsyn til. Eg ser det som ein glipp at rådmennene i dei to kommunane ikkje vart konsulterte før fellesnemnda fekk denne saka på bordet, seier Reidar Håvås.
Påtroppande rådmann Helge Thorheim har dermed foreslått å få styring inn i dei eksisterande kommunane utan å diskutere saka med rådmennene som sit med ansvaret i dei to kommunane.