Vil politikarane ofra Øvrehagen?
Ta på alvor Det blir sagt at ein ikkje skal gjera fleirmannsbustader og ungdomsbustader til […]
Ta på alvor
Det blir sagt at ein ikkje skal gjera fleirmannsbustader og ungdomsbustader til eit problem. Det er ei generell utsegn som nødvendigvis ikkje er rett i alle tilfelle.
Øvrehagen har fleire slike bustader frå før. Fleirmannsbustader er i stor grad gjennomgangsbustader og fører til mindre stabilitet. Utbyggjarane har også sagt at dei vil satsa på ungdomsmarknaden. Å samla mange slike bustader i eitt byggjefelt, blir ei for stor belastning. Ein må også ta på alvor at ein har gjort ein del dårlege erfaringar i Øvrehagen.
Bakvendt planlegging
Dei nye bustadene er planlagt på toppen av Øvrehagen fordi det tilfeldigvis er nokre ledige kommunale tomter der. Det er eit dårleg utgangspunkt for god planlegging av slike bustader. Når ein legg dei på toppen, blir det gjennomganstrafikk gjennom heile feltet.
Konsekvensen av å omregulera til fleirmannsbustader, er at ingen vil byggja vanlege hus der. Det er også ein aktør nummer to som har skaffa seg tomt og reknar med at det er fritt fram for å byggja fleire husvære på ei tomt.
Det stemmer godt overeins med at ein kommunal byråkrat har sagt at det ikkje er snakk om fem fleirmannsbustader med til saman 20 husvære, men rundt 40 når alle tomtene er utbygde til dette føremålet i denne delen av feltet.
Det er bakvendt i all god samfunnsplanlegging å fortetta eit byggjefelt på toppen og la heile feltet ta ulempene med det. Den til dels svingete og bratte vegen har ikkje kapasitet til dette trafikkpresset.
Sidan politikarane er opptekne av trafikksikring, betyr det at kommunen vil investera i gang- og sykkelveg for å gje trygg ferdsel når trafikken aukar?
Ta vare på
Det blir snakka om at det er viktig å ta godt imot nye innbyggjarar i Vindafjord. Men kva med å ta litt omsyn til dei som alt bur her?
Me føler oss ganske sikre på at politikarane ikkje ønskjer ei slik utvikling for sitt eige bumiljø.
Det er synd dersom det blir Senterpartiet med støtte av Framstegspartiet som er villig til å ofra bumiljøet i Øvrehagen. Det gjer ikkje saka mindre uheldig at feltet er regulert til einebustader.
Ein kan stilla spørsmål om kommunen er til å stola på i slike saker. Dersom formannskapet seier ja til å selja tomtene til fleirmannsbustader – korleis kan ein stola på ei upartisk handsaming når formannskapet (som planutval) i neste omgang skal seia ja eller nei til omreguleringa?
Reidun Wåge
Ragna Håland
Øyvind Roa
Paul Klungland
Bjørg Østvold
Kjell Ravatn